Hopp til innhald

Fagstoff

Kva klassar finst for kraner og løfteutstyr?

Nedanfor ser du kva klassar kraner og løfteutstyr er delte inn i. Desse vil du lære meir om i det følgjande e-læringskurset.
Seks bilete av ulike krantypar (G1, G2, G3, G4, G8 og G10) er plasserte på ein grå bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

G1 – mobilkran
G2 – tårnkran
G3 – sving-/portalkran
G4 – bru-/traverskran
G5 – offshorekran
G6 – flytekran
G7 – vinsjar, spel, taljer
G8 – lastebilkran
G9 – kabelkran
G10 – handdriven kran
G11 – løftereiskap
G12 – studio- og sceneriggar
G20 – anna

Det krevst sertifiserande sikkerheitsopplæring for å kunne bruke kran, og det er få unntak frå denne regelen.

Eitt unntak gjeld lastebilmonterte kraner med ein kapasitet på mindre enn 2000 Nm. Det krevst likevel dokumentert sikkerheitsopplæring.

Du må òg ha dokumentert sikkerheitsopplæring om du ikkje køyrer krana, men hukar lasta fast i kroken.

I alle tilfelle krevst det ei opplæring i å bruke kran eller løftereiskap.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2021

Læringsressursar

Kraner og løfteutstyr