Hopp til innhald

Fagstoff

Løftereiskapar (klasse G11)

Her skal vi sjå nærare på ulike løftereiskapar, det vil seie det utstyret vi hengjer lasten i framme i kroken på krana. Vi skal lære litt om styrken til reiskapane, og vi skal sjå kva betydning vinkelen mellom delane i løftereiskapen har.
Til venstre kjetting festa rundt ein stabel trelast, til høgre løftekrokar. Foto.

Krav til opplæring

Også når det gjeld løftereiskapar, blir det kravd sertifisert tryggingsopplæring frå ein sertifisert instruktør. Dette er på grunn av faren som er knytta til bruk av løftereiskapar.

For å kunne føre ei kran som er underlagd sertifisert opplæring, må du først ha kunnskapar om riktig og sikker bruk av løftereiskapar. Dette er felles for alle typar kraner og kan sest på som eit forkurs til å bli kranførar. Statistikken viser at 50 prosent av alle arbeidsulykker med kran og løft kjem av feil stropping. På bakgrunn av dette er det derfor innført grundigare kursing av kranførarar.

I tillegg til at du må ha gode haldningar til helse, miljø og tryggleik, skal du ha kunnskapar om:

  • ulike typar løftereiskapar
  • løftereiskapstabellar
  • signal og teikn
  • praktisk anhuking med løftereiskapar

Fiberstroppar

Mann løftar røyr ved hjelp av snaring. Foto.

Fiberstroppar kan vere anten flate eller runde. Fiberstroppar er mykje brukte, sidan dei er lette å arbeide med. Dei er òg skånsame mot godset, men ømfintlege for skarpe kantar.

Fiberstroppar av polyester er mest brukte, men dei kan òg vere laga av polypropylen. Er stroppen laga av polyester, er det blå merkelapp på stroppen. Er han laga av polypropylen, er merkelappen brun. Det er fint å vite, for reiskapar laga av polyester toler varme betre enn reiskapar laga av polypropylen. Derimot toler dei basar dårlegare enn reiskapar laga av polypropylen. Stroppar av polypropylen bør derfor skjermast mot sollys, mens stroppar av polyester ikkje må utsetjast for såpe.

Fiberstroppar blir ofte nytta til snaring. Det er den sikraste måten å løfte til dømes trelast og armeringsstål på. Godset skal vere i balanse før det blir løfta. Nedst på denne sida er ei lenkje til ein brosjyre om fiberstroppar og lastesikringar, og i han finn du løftetabellar og fleire opplysningar.

Fiberstroppar skal ha eit gyldig sertifikat. Stroppane skal kontrollerast av ein sakkunnig person ein gong i året.

Kjetting og ståltau (vaier)

Kjetting blir mest brukt til å løfte gods av stein, stål og betong. Ein løftereiskap av kjetting kallast ofte ein kjettingsling. Det er berre tillate med kortlenka kjetting av ein kvalitet som minst svarer til grade 80. Grade 80 er eit uttrykk for legeringa i stålet som er brukt i kjettingen, og 8G står då påført kjettingløkkene med jamne mellomrom. Årsaka til at det berre er lov med kortlenka kjetting til løft, er faren for knekking og deformasjon av kjettingledda når ledda blir lengre.

I tillegg til grade 80 finst òg grade 100 og grade 120. Jo høgare talet er, jo høgare er òg styrken på kjettingane. Grade 80-kjettingane er ofte svarte eller gule, mens grade 100 og 120 som oftast er lakkerte blå.

Kortlenka kjetting, grade 80. Foto.

Styrke

Som kjent er inga kjede sterkare enn det svakaste leddet. Det er derfor viktig at løftereiskapane har tilstrekkeleg styrke med tanke på oppgåvene dei skal brukast til. Med andre ord hjelper det lite om krana er sterk nok dersom ikkje løftereiskapen er minst like sterk.

Alle løftereiskapar skal ha eit sertifikat som fortel kva reiskapen er berekna på. Sjå til dømes bruksrettleiinga for kjettingstroppar som det er lenka til nedst på sida. Sertifikatet er eit verdipapir, og du skal behandle det som eit verdipapir. For at du skal kunne velje reiskap med tilstrekkeleg styrke, er alle løftereiskapar merkte med WLL. Det står for «Working Load Limit» – grense for største belastning. Eit metallskilt eller ein plastlapp festa til reiskapen fortel gjerne om dette.

WLL-merke på løftereiskap. Illustrasjon.

Betydninga til vinkelen

Vinkelen mellom ei tenkt loddlinje frå krankroken til løftereiskapen kallar vi arbeidsvinkelen v. På figuren nedanfor ser du at løftereiskapen dannar ein trekant. Dersom vi kallar belastninga i stroppen for F og ønskjer å finne verdien av han, må vi kjenne lengda L på stroppen og høgda H, den stipla linja på figuren. Vi finn då belastninga F ved å bruke den følgjande formelen:

F=L · vekta av lasten2H

Kor mykje ein stropp kan belastast og kva arbeidsvinkelen betyr, vist med formlar og raude piler. Illustrasjon.

Når vi løftar med to heilt vertikale løftereiskapar, vil belastninga på kvar stropp vere halvparten av tyngda til lasten. Når løftereiskapen dannar ein vinkel, aukar belastninga i stroppen. Vi må derfor bruke løftereiskapar som toler meir enn halve tyngda.

Hugs at tyngda til lasten blir målt i newton (N). Verdien er då tidobbelt så stor som vekta av lasten målt i kilogram. Ei vekt på til dømes 10 kg svarer til ei tyngd på 100 N.

Lenkjer

Om fiberstroppar og lastesikringar, frå John Dahle skipshandel (PDF)

Bruksrettleiing for kjettingstroppar frå Carl Stahl (PDF)

Bruksrettleiing for ståltaustroppar frå Carl Stahl (PDF)

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Kraner og løfteutstyr