Oppgåve
Eksamensoppgåve 3
Denne tverrfaglege oppgåva tek for seg sentrale kompetansemål i alle programfaga. Tidsplan og organisering svarer til tverrfagleg eksamen på vg2 og kan variere noko frå fylke til fylke.
Du er tilsett i ei bedrift som driv med transport og logistikk.
- Korleis har denne næringa endra seg den seinare tida, og kva har det hatt å seie for samfunnsutviklinga?
Bedrifta har løyve for å drive godstransport på veg. - Kva for føresetnader må vere oppfylte for at ei bedrift skal få løyve? Kva er føremålet med transportløyve?
Bedrifta du er tilsett i, handterer gods av ulik utforming, i ulik emballasje og av ulik art. - Ta for deg tre ulike vare-/godsslag som må behandlast ulikt ut frå art, fare/risiko og dokumentasjon. Du skal sikre og merkje det eine av desse vareslaga.
- Korleis kan du ved å bruke dagens teknologiske hjelpemiddel planleggje, dokumentere og ta vare på trafikktryggleiken og økonomien i samband med eit transportoppdrag?