Oppgåve
Eksamensoppgåve 1
Denne oppgåva dreier seg om handtering av ulike typar gods ved transport- og logistikkoppdrag. Ho tek for seg sentrale kompetansemål i programfaga i vg2 transport og logistikk .
Hjelpemiddel til førebuinga (førebuingstida er 2 dagar):
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Hjelpemiddel under eksamen:
- lasteliste, liste for kontroll av truck, ulike typar gods, handteringsutstyr, pallar, sikringsutstyr, måleutstyr, fraktbrev, naudsynt lovverk, kalkulator
- Som yrkessjåfør og logistikkarbeidar skal du planleggje og utføre handtering av ulike typar gods ved transport- og logistikkoppdrag. Du skal planleggje arbeidsoppgåvene dine på ein måte som tilfredsstiller tryggleikskrava for personar, gods og utstyr. Du skal utføre arbeidsoppgåvene slik du har planlagt.
- Det er viktig at du legg vekt på tryggleik, service, effektivitet og miljø ved planlegging og utføring av oppgåva.
- Kommunikasjon med medarbeidarane dine og med sensor er viktig.
- Du skal kunne nytte deg av dei hjelpemidla som er tilgjengelege og tilrettelagde for eksamen.
- Du skal planleggje og gjennomføre eit transportoppdrag.
- Du skal kontrollere køyretøyet og utstyret som du skal bruke til handtering og transport av godset. Du skal også utføre enkelt vedlikehald dersom det er naudsynt.
- Du skal planleggje, klargjere og utføre lasting av gods på køyretøy frå lager/terminal. Godset skal lastast ut frå eigenskapar, storleik og utforming. Godset skal sikrast på køyretøyet.
- Naudsynte og riktig utfylte dokument skal følgje transporten.
- Du skal planleggje tidsforbruket på arbeidsoppdraget.