Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Case – reiseliv

Du jobbar som resepsjonist ved Hotell Sørlandsparken i Arendal kommune. Hotellet satsar på turisme om sommaren og på kurs og konferansar resten av året. Det er oppgåva di å ta imot gjestane, og du opptrer derfor som vert for gjestane på hotellet. Du har med andre ord ei vertskapsrolle.
Bølgjer slår inn over strand i Raet nasjonalpark. Foto.

Hotell Sørlandsparken ligg i Raet nasjonalpark i Agder. Nasjonalparken blei opna i august 2017 og representerer kystnaturen ved Skagerak-kysten.

Oppgåve 1

Korleis bør du som resepsjonist (vert) ta imot gjestane?

  1. Lag ei sjekkliste for mottak av gjestar.
  2. Grunngi dei ulike punkta på sjekklista (kvifor dei er viktige).

Oppgåve 2

På hotellet får de mange ulike gjestar med ulike behov. Til dømes vil ein person som skal på konferanse om berekraftig fiske, ha andre behov, ønske og forventningar enn ein barnefamilie som skal på ferie i ei veke. Det er resepsjonisten si oppgåve å finne ut kva ønske og behov gjestane har.

  1. Føreslå metodar hotellet kan nytte for å finne ut kva ønske, behov og forventningar gjesten har.
  2. Forklar kvifor det er viktig å avdekkje behova til gjesten.

Oppgåve 3

Førebu deg til å ta imot gjestar ved å lage ei liste over forventningar du meiner det er sannsynleg at følgjande gjestar har:

  1. barnefamilie med barn på høvesvis 8 og 12 år
  2. forretningsmann som skal bu på hotellet i to dagar og delta på ein konferanse

Oppgåve 4

Ei av vertskapsoppgåvene er å formidle informasjon om området hotellet ligg i. Raet nasjonalpark strekkjer seg over tre kommunar: Grimstad, Arendal og Tvedestrand.

Hotellet ønskjer at du skal utarbeide ein informasjonsbrosjyre. Brosjyren skal lagast på eit liggjande A4-ark som skal brettast tre gonger. Det skal vere trykk på begge sider av arket.

  1. Innhent informasjon om til dømes attraksjonar, shopping og transporttilbod i dei tre kommunane.
  2. Lag ein informasjonsbrosjyre.

Oppgåve 5

Hotellet har fått ein førespurnad frå pensjonistforeininga Fyrtårnets venner, som har medlemmer over heile landet. 55 av medlemmene har meldt si interesse for mellom anna å besøkje dei fire freda fyra i Raet nasjonalpark: Lyngør fyr, Møkkalasset fyr, Store Torungen fyr og Lille Torungen fyr. I tillegg vil dei gjerne sjå mest mogleg av området som Raet nasjonalpark ligg i. Dei ønskjer å kome den andre veka i august, og vil at hotellet skal stå for arrangementet.

Foreningen ønskjer at de skal setje opp ein buss som reiser frå Tromsø måndag morgon og er tilbake i løpet av søndagen. Bussen skal stoppe og ta på 22 passasjerar i Trondheim og i 19 passasjerar i Oslo.

  1. Kva spørsmål bør du stille til foreininga i forkant av turen for å sikre at gjestane sit igjen med ei god kundeoppleving?
  2. Lag ei reiserute for bussturen, og legg inn naudsynte stopp. Du må ta omsyn til køyretidsbestemmingar, måltid og pausar for dei som til kvar tid er om bord på bussen. Legg eigne føresetnader til grunn dersom det er naudsynt.
  3. Lag eit heilskapleg reiselivstilbod til foreininga Fyrtårnets venner, inkludert eit program for turen. Legg eigne føresetnader til grunn dersom det er naudsynt.
  4. Set opp eit budsjett, og finn ut kva denne turen vil koste per person. Legg eigne føresetnader til grunn dersom det er naudsynt.


CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2020

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver