Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Case om sikkerheit – inngangskontroll

Her skal du setje deg inn i rolla til vaktselskapet Atlanten Security, som har spesialisert seg på inngangskontroll. Les casebeskrivinga, og gjer oppgåvene.
Inngangskontroll og kortlesar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Case

Kristine, Hanne og Roar har kjent kvarandre sidan vidaregåande. Alle tre har teke fagbrev i vektarfaget og deretter starta vaktselskapet Atlanten Security. Firmaet spesialiserer seg på inngangskontroll for lokale bedrifter og arrangement i lokalsamfunnet.

I fjor hadde dei eit solid overskot, og dei har bestemt seg for å bruke dette til å utvide firmaet.

Dei skal i tillegg til manuelt vakthald tilby tekniske sikkerheitstiltak som alarmar og kameraovervaking til bedrifter. Dei ønskjer å tilby montering av alarm som ei pakkeløysing til kundane sine, og vurderer å inngå eit samarbeid med eit lokalt elektrofirma framfor å tilsetje eigne montørar.

Oppgåve 1

Atlanten Security har fått eit tilbod om å kjøpe inn 500 alarmar med sensorar til 200 kroner per eining. Dei bereknar 20 % i påslag for indirekte kostnader. Vel sjølv ei fornuftig forteneste. Meirverdiavgifta er på 25 %.

  1. Bruk sjølvkostmetoden til å rekne ut salspris inkludert meirverdiavgift for ein alarm med sensorar, utan montering.
  2. Gjer ei risikovurdering for ein montør ute på oppdrag. Ta høgd for alle typar uønskte hendingar, både på veg til og under oppdraget. Ta omsyn til at monteringa ofte skjer i private heimar, der vi ikkje nødvendigvis kjenner til alle forhold. Kva slags personleg utstyr er
    naudsynt? Ut frå risikovurderinga lagar du ein HMS-instruks.

Oppgåve 2

Atlanten Security er eit lite vaktselskap som ønskjer å utvide. Dei har eit solid nettverk i lokalsamfunnet og god kjennskap til eit elektrofirma som dei kunne tenkje seg å samarbeide med i samband med montøroppdrag.

Dei vurderer òg moglegheita for å tilsetje eigne montørar for å ha meir kontroll sjølve. Det vil òg innebere meir personalansvar. Hanne, Kristine og Roar har diskutert dette internt, men må no ta ei avgjerd.

  1. Argumenter for og imot å samarbeide med eit elektrofirma og å tilsetje eigne montørar. Kva konsekvensar vil det få, og kva er den beste konklusjonen?

Oppgåve 3

No som Atlanten Security har ein pris og har bestemt korleis dei skal gjennomføre tenesta, må dei marknadsføre den nye tenesta overfor kundane.

  1. Lag ein plan for kampanjen, som inneheld målgruppe, ansvarsfordeling og tidsskjema.
  2. Føreslå eigna kanalar, reklamemateriell og eit slagord for kampanjen.


Aktuelle kompetansemål

Forretningsdrift

  • vurdere, berekne og tilpasse pris på eit produkt med tanke på kostnader og marknadssituasjon
  • gjennomføre og dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit

Marknadsføring og innovasjon

  • selje eit produkt og gjere greie for salsprosessen
  • lage ein enkel marknadsplan og gjere greie for val av mål og verkemiddel

Kultur og samhandling

  • gjere greie for og vurdere korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv
  • reflektere over ulike former for relasjonsbygging og forklare betydinga av nettverk
CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2020

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver