Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Case – sal

Du er tilsett i Kjeksa AS som marknadsføringsmedarbeidar. Kjeksa AS sel per i dag kjeks i metallboksar til bedriftsmarknaden på Jæren. Dei ønskjer å utvide marknaden sin ved å selje til gåve- og interiørmarknaden ulike stader i landet.
Ei samling ulike kjeks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Case: Kjeksa AS

Bedrifta har bestemt seg for å tilby tre ulike produkt i gåvepakningar til forbrukarmarknaden:

  • Jungelkjeks: glutenfrie barnekjeks forma som ulike dyr. Produktet blir levert i ein metallboks forma som ein båt med dyr om bord (inspirert av Noahs ark).
  • Sans: glutenfrie kjeks med mørk sjokolade. Produktet blir levert i ein firkanta, svart metallboks med gullskrift.
  • Cookie: tre ulike slag cookiar – salte peanøttcookiar, kryddercookiar og sjokoladecookiar med paranøtter. Produktet blir levert i ein metallboks forma som ein cookie.

Alle boksane inneheld 400 gram kjeks, og rettleiande utsalspris er 139 kroner med mva. (meirverdiavgift). Dei blir leverte fraktfritt i kasser med 12 boksar. Innkjøpspris per kasse er 799 kroner utan mva.

Kontaktinformasjonen til bedrifta er Storgata 13, 2050 Jessheim,
tlf. 63 97 20 20, kundeservice@kjeksa.no, www.kjeksa.no

Oppgåve 1

Du skal prøve å nå den nye marknaden ved å lage ein annonse for trykk. Formålet er å gjere produktet dykkar kjent overfor målgruppa, som er gåve- og interiørbutikkar som kan tenkje seg å selje kjeks i gåvepakningar.

Lag ein annonse

  • Vel bodskapen du vil fokusere på – kvifor skal forhandlarane kjøpe desse kjeksa?
  • Vel eit aktuelt medium for trykk, og utform annonsen. Vel ein storleik på annonsen som passar til trykksaka.

Oppgåve 2

Rollespel

I forlenginga av annonsekampanjen reiser du ut til nokre av dei største gåve- og interiørbutikkane for å selje inn produkta til Kjeksa AS.

  • Førebu salssamtalane med innehavarane av butikkane. Ta med alle dei seks fasane i salsprosessen.
  • Gå saman i grupper på tre, der éin speler seljar, éin speler butikkinnehavar og éin er observatør.
  • Observatøren skal notere argumenta i dei ulike fasane undervegs og gi tilbakemelding etterpå.

Relatert innhald

Ein seljaren kan styre salet gjennom ein systematisk prosess i fleire fasar eller steg , ein såkalla salsprosess. Lær meir om salsprosessen her.

Oppgåve 3

  1. Berekn dekningsbidraget per boks med kjeks.
  2. Kva er forskjellen på dekningsbidrag og forteneste?
  3. Du bereknar at annonsekampanjen totalt vil koste 30 000 kroner. Kor mange ekstra boksar med kjeks må de selje for at det skal løne seg med denne annonsekampanjen?
Tips til utrekning

For å finne utsalspris utan mva. må du dele utsalsprisen med mva. på 1,25:

139/1,25 = 111,2

For å finne innkjøpsprisen per boks må du ta innkjøpsprisen per kasse og dele han på 12, sidan det er 12 boksar per kasse:

799/12 = 66,58


Oppgåve 4

Det er auka fokus på berekraftige produkt, og styret i Kjeksa AS ønskjer ei utgreiing frå deg om dagens produktsortiment. Legg eigne føresetnader til grunn. Førebu ein presentasjon der du gjer greie for følgjande:

  • Kva vil det seie at eit produkt er berekraftig?
  • I kva grad er Jungelkjeks, Sans og Cookie berekraftige produkt?
  • I kva grad har Kjeksa AS berekraftig drift?
Tips
  • Vurder emballasjen til kjeksboksane.

  • Korleis bør Kjeksa AS sende ut varene sine for at det skal vere miljøvennleg?

  • Korleis kan marknadsførings- og salsarbeidet bli meir miljøvennleg?

CC BY-SASkrive av Tove Knutsen og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2020

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver