Kaffi finst i mange variantar og prisklassar. Dette er ein litt spesiell kaffi, som skil seg spesielt ut i forhold til andre kaffitypar.
Informasjon om oppgåva
Søk på nettet, og finn ut kva Kopi Luwak- og Black Ivory-kaffi er.
Finn bilete, og svar på desse spørsmåla:
Kopi Luwak
- Kva er Kopi Luwak?
- Korleis blir han laga?
- Kva kostar det for ein kopp?
- Kvar blir han produsert?
Black Ivory
- Kva er Black Ivory-kaffi?
- Korleis blir han laga?
- Kva kostar det for ein kopp?
- Kvar blir han produsert?
Hugselappen
- All kaffi blir laga av kaffibønner.
- Kaffibønner går gjennom ein fermenteringsprosess for å få ein særeigen smak.
CC BY-SASkrive av Hege Resell Amdahl.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017