Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kundemeldingar

Det finst i dag mange nettstader der kundar kan seie kva dei synest om besøka sine i ulike servicebedrifter.
Hender som held og er i ferd med å trykkje på ein mobil. Digitale stjerner i biletet viser vurdering av kundeoppleving. Foto.

Oppgåver

  1. Gå inn på reisenettstaden Tripadvisor, vel Restauranter, og søk opp staden der du bur. Sjå kva som kjem opp av meldingar.

  2. Kva konsekvensar trur du slike tilbakemeldingar får for folk sine haldningar til restaurantane?

  3. Kor truverdige trur du slike kundemeldingar er samanlikna med bedriftene sine eigne nettstader?

  4. Kva bør ein restaurant gjere viss han stadig får dårlege meldingar på Tripadvisor eller andre nettstader?

  5. Har du sjølv nytta Tripadvisor eller liknande for å finne informasjon om eit hotell eller ein restaurant? Kor fornøgd var du med å nytte ein slik nettstad? Stemde meldingane med di eiga oppfatning av staden?

  6. Viss du ikkje har nytta slike nettstader, kva gjer du då for å finne gode restaurantar eller hotell?

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2021

Læringsressursar

Service og gjestebehandling