Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Handhygiene – kva hugsar du?

Etter å ha jobba med temaet personleg hygiene og handhygiene kan du teste deg sjølv med desse oppgåvene.
Hand med bakteriar på og kjøkkenreiskapar i bakgrunnen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver om handhygiene

  1. Beskriv med dine eigne ord kva som er meint med god handhygiene.
  2. Når vil du bruke handvask, og når vil du nytte handdesinfeksjon? Grunngi svaret.
  3. Kvifor er det viktig å fjerne smykke, ringar og naglelakk når du skal vareta god handhygiene?
  4. Kva kan motivere deg til god handhygiene?
  5. Kvifor trur du nokon sluntrar unna å gjennomføre rett handhygiene?
  6. Lag eit slagord som oppmodar fagarbeidarar til å vareta god handhygiene.
  7. Gi døme på sjukdomsframkallande mikroorganismar. Kva infeksjonar kan desse føre til?
CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2022

Læringsressursar

Hygiene og mikrobiologi