Lokale, norske og nordiske råvarer
I denne oppgåva skal du setje deg inn i temaet norske og internasjonale råvarer. Du skal finne ut kva råvarer som blir laga/dyrka i Noreg, kva vi importerer, og når dei ulike råvarene har best kvalitet (er i sesong).
Kva for nokre norske råvarer blir mest nytta på skulen din og hos samarbeidsbedriftene til skulen?
Kva typar frukt og grønsaker kan dyrkast i Noreg, og når er det sesong for dette?
Finn ut kva for nokre lokale råvarer som blir produserte i nærmiljøet ditt.
Kva for nokre importerte råvarer blir mest nytta på skulen din og hos samarbeidsbedriftene til skulen?
Svara skal presenterast i Word, PowerPoint eller liknande. Ta gjerne med bilete for å gjere presentasjonen spennande.
Lag ein meny som baserer seg på norske og lokale råvarer. Menyen skal innehalde hovudråvare, tre grønsaksgarnityr, saus og mettingsgarnityr. Det skal òg vere drikkeforslag til menyen.
Lag ein meny som baserer seg på internasjonale og importerte råvarer. Menyen skal innehalde hovudråvare, tre grønsaksgarnityr, saus og mettingsgarnityr. Det skal òg vere drikkeforslag til menyen.
Vel éin av menyane frå oppgåve 2. Læraren avgjer om du skal jobbe åleine eller i gruppe med andre.
Planlegg og gjennomfør produksjon av den valde menyen.
Dekk bord, skriv kuvertmeny, og server menyen til gruppa di eller til andre gjestar.