Diskuter og generer KI-bilete
1. Generert bilete eller ikkje?
A. Kva for nokre av bileta i biletserien nedanfor er generert av KI, og kva for nokre er det ikkje? Jobb saman to og to og diskuter.
Fasit: Generert bilete eller ikkje?
Målingregn – generert
Regnbogemåleri – ikkje generert
Lauvskog med sti – ikkje generert
Lauvskog – generert
Plakat med Charlie Chaplin Modern Times – ikkje generert
Plakat med Charlie Chaplin 2024 – generert
Folkemengde i eit lyskryss, halvnært utsnitt – ikkje generert
Folkemengde i eit lyskryss, nært utsnitt – generert
B. På nettsida thispersondoesnotexist.com får de opp bilete av menneske som ikkje finst. Oppdaterer de lenka, kjem det opp eit nytt bilete. Sjå gjennom nokre bilete.
Klarer de å sjå om biletet er KI-generert eller ikkje?
Kvifor eller kvifor ikkje?
2. Diskuter resultat av leietekst og prøv sjølv
Desse bileta er oppretta med KI-biletgeneratoren Midjourney (versjon 4).
Bileta med leietekst finn de på denne sida: Wikipedia AI Art caricatures and public characters in AI art – Donald Trump
Kva omgrep frå leieteksten nedanfor er fotofaglege? Kva for nokre av dei ser vi igjen i bileta? Diskuter to og to og deretter i klassen.
Leieteksten bak biletet over er: "Donald Trump portrait, Bozo the Clown makeup on Donald Trump face, cinematic lighting, photo taken by ARRI, Canon, Nikon, Hasselblad, incredibly detailed, sharpen, professional lighting, 50mm, 80mm, 100mm + lightroom gallery --v 4" (Chicago god, 2022)Prøv å bruke leieteksten frå oppgåva over og legg inn i eit biletgeneringsverktøy. Kva skjer? Kvifor trur de dette skjer? Diskuter fordelar og ulemper med avgrensingar i KI-generering av bilete.
3. Kva kjenneteiknar gode leietekstar?
A. Biletet nedanfor er generert i Adobe Photoshop med leieteksten "Ein skikøyrar i pudder nedover i bratt skog".
Diskuter: Kva fungerer, og kva fungerer ikkje med dette genererte biletet?
B. Nedanfor skal de øve dykk på å bruke leietekstar for å generere bilete.
For kvar oppgåve tek de vare på eitt bilete de er fornøgde med, og eitt de ikkje er fornøgde med.
Generer eit foto av eit landskap de sjølve liker.
Generer eit foto av ein bekk eller ei elv.
Generer eit foto av ein modell som har på seg ei dongeribukse.
Generer ei teikning som kunne ha vore brukt i ei barnebok.
Tips til leietekstar for generering av bilete
Gi instruksar for teknikk (til dømes foto, kull, anime, akvarell).
Gi instruksar for stil (til dømes renessanse, art nouveau, kubisme).
Angi utsnitt.
Bruk presise adjektiv (til dømes skinande, flytande, industrielt, pistasjgrønt, nøttebrun, korallfarga).
Beskriv eigenskapar ved portrett (til dømes familie, studio, nært).
Beskriv omgivnader presist (til dømes lavendeleng, afrikansk savanne, furuskog).
Oppgi fotograferingsdetaljar (angi djupneskarpleik og lukkartid, beskriv linsetype, angi ISO-verdi).
Oppgi lyskjelde, lystype og plassering (til dømes LED-lys, bål, kaldt lys, hovudlys, utfyllingslys, venstre, ovanfrå).
Prøv leietekstar på engelsk òg.
For utdjuping av tipsa over, sjå fagartikkelen "Lag bilete med kunstig intelligens".
C. Kva for eit av bileta de genererte, er de mest fornøgde med? Grunngi.
D. Gå gjennom bileta de ikkje var fornøgde med eller fann feil med. Kva feil fann de, og er det feil som går igjen?
E. Reflekter over arbeidet med å lage leietekstar. Korleis må de gå fram for å ende opp med bilete de er fornøgde med? Kva kjenneteiknar leietekstane som fungerer best?
Ekstraoppgåve: Generer og vurder leietekst
Det finst hjelp til å lage fyldige leietekstar. Du kan til dømes bruke Adobe Firefly prompt generator.
Generer leietekst for å opprette bilete i Adobe Firefly.
Diskuter verdien av å få hjelp til å generere leietekstar for å lage bilete.
Korleis fungerer biletet?
Med hjelp frå leietekstgeneratoren og bruk av verktøyet Adobe Firefly blir kvaliteten på skikøyrarbiletet mykje betre, sjå resultatet under. Likevel er det element i biletet som ikkje er heilt riktige. Finn du dei?
Leieteksten til biletet er som følger:
Skier, a person dressed in vibrant ski attire, gracefully gliding down a snow-covered mountain slope. The skier is leaning forward, their body in perfect alignment as they navigate through a series of sharp turns. The snow beneath them sparkles in the sunlight, the powder spraying up behind their skis with each turn. The skier's face is filled with determination and excitement, their eyes focused on the path ahead. The surrounding mountains rise majestically, their peaks covered in a blanket of white. The crisp mountain air is filled with the sound of skis slicing through the snow and the occasional whoops of joy from fellow skiers.
Style: Photography (Action Sports)
The photograph will be captured using a high-speed camera to freeze the fast-paced action of the skier. The composition will emphasize the skier's dynamic movement and the breathtaking mountain landscape. The camera settings will be adjusted to capture the details of the snow and the skier's vibrant attire, while maintaining a sense of speed and energy. (OpenAI, 2023)
4. Fattig og rik i KI-bilete
Vi kan få kulturelle skeivskapar i resultata av det vi bestiller, når vi bruker KI til å generere bilete. KI baserer seg på store mengder data som kan forsterke stereotypiar og mangle nyansering. Vurder om det gjeld i følgande samanheng:
Generer to sett bilete: "Rik person som går langs ein veg" og "Fattig person som går langs ein veg".
Korleis blir "rik" og "fattig" viste i bileta?
Kva tenker de om resultata?
5. Bygg eit KI-bilete i fleire lag
Lag ei skisse til eit reklamebilete for ein drikk. Bruk tre lag i Photoshop for å bygge biletet: eitt lag for bakgrunnen, eitt lag for produktet (hovudmotivet) og eitt lag for anna innhald.
A. Vel eit arbeidsområde med "Rectangular Marquee tool". De får opp ein tekstboks der de kan skrive ein leietekst (prompt) for å generere eit bilete.
B. Generer så mykje som mogleg av innhaldet til kvart av laga. Prøv dykk fram med ulike leietekstar.
C. Kva kjem enkelt på plass? Kva er vanskelegare å få til? Kva leietekstar fungerer, kva leietekstar fungerer ikkje?
D. Diskuter i klassen: Kva er fordelar og ulemper med å bruke lagdeling i KI-genererte bilete samanlikna med heilgenererte bilete?
6. Verkshøgde
I lova om opphavsrett finn vi omgrepet verkshøgde. Skal ein ha opphavsrett til sitt eige bilete, må biletet ha verkshøgde. Det betyr at ein skal ha bidrege med ein individuell og skapande innsats då ein laga det. Når eit bilete har verkshøgde, er det eit åndsverk og dermed òg beskytta av åndsverklova.
Forklar kvarandre kva verkshøgde er, og bruk døme på eigne arbeid med medieuttrykk.
Kvar i arbeidsprosessen med eit KI-bilete ligg det mest "individuell og skapande innsats"?
Kva skal til for at eit KI-generert bilete har verkshøgde?
7. Diskuter profesjonell bruk av KI-genererte bilete
I kva samanhengar er det fornuftig å bruke KI-generering av bilete i profesjonell medieproduksjon?
Finn gjerne konkrete døme på profesjonell bruk og diskuter.
Verktøy brukte for å generere bilete til denne artikkelen
Adobe Photoshop med funksjonen "Generate"
Adobe Firefly
DALL-E i Copilot
Adobe Firefly prompt generator på FlowGPT
Kjelder
AI art caricatures and public characters in AI art. (2024, 11. februar). I Wikimedia Commons. https://commons.wikimedia.org/wiki/AI_art_caricatures_and_public_characters_in_AI_art#
Bårdgård, T. (2023, 12. september). Lag bilete med kunstig intelligens. NDLA. https://ndla.no/article/38842
Chicago god. (2022, 23. desember). Midjourney Version 4.jpg [KI-illustrasjon]. Wikimedia Commons. https://commons.wikimedia.org/wiki/AI_art_caricatures_and_public_characters_in_AI_art#/media/File:Midjourney_Version_4.jpg
OpenAI. (2023). Adobe Firefly prompt generator (12. april versjon) [Stor språkmodell]. FlowGPT. https://flowgpt.com/p/adobe-firefly-prompt-generator
Hovde, K.-O. & Lem, G. H. (2021, 27. desember). Verkshøyde. I Store norske leksikon. https://snl.no/verkshøyde