AlphaGo: Kva skjer når maskiner blir smartare enn menneske?
Go er eit brettspel for to personar. Kvar spelar prøver å omringe område på spelebrettet med brikkene sine, og vinnaren er den som har erobra den største delen av brettarealet når spelet er ferdig. Sjølv om reglane er enkle, er go eit svært komplekst spel å programmere kunstig intelligens for sidan talet på moglege kombinasjonar av brikker på spelebrettet er nærast uendeleg.
Den britiske KI-laben Deepmind, som er eigd av Google, spesialiserer seg på å lage dataprogram som kan spele spel like godt som eller betre enn menneske. Deepmind har mellom anna laga program som kan spele go, sjakk, Quake III Arena og Starcraft II.
I 2015 utfordra Deepmind den europeiske meisteren i go, Fan Hui, til å spele mot programmet AlphaGo. Dette programmet har lært seg å spele go ved å analysere profesjonelle go-kampar mellom menneske, for så spille mot ein kopi av seg sjølv og på denne måten forbetre eige spel. Filmen følgjer teamet bak AlphaGo medan dei førebur seg til ein kamp mot verdas beste go-spelar, Lee Sedol.
Denne YouTube-videoen viser korleis spelet fungerer: AlphaGo - The Movie | Full award-winning documentary
Undersøk
Kva skjedde med Lee Sedol etter at han spelte mot AlphaGo?
AlphaGo har blitt vidareutvikla etter at filmen blei laga. Kan du finne ut meir om nyare versjonar av AlphaGo? Kor mykje betre dei er nyare versjonane?
Diskuter
Kva betyr det for konkurransespeling at maskiner har blitt betre enn menneske?
Kva anna kan teknologien bak AlphaGo brukast til?