Hopp til innhald

Fagstoff

Praterobottips til læraren

Skal elevane bruke praterobot i timane dine? Her er nokre tips og råd til deg som lærar.
To elevar sit i eit klasserom og snakkar saman. Den eine eleven har ei berbar datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Praterobot-ordliste

Praterobot/chatbot
Ein praterobot er eit program som har trent på store tekstmengder, og han genererer tekst basert på det vi ber han om å gjere.
Leietekst/prompt
Instruksane eller spørsmåla vi skriv til ein praterobot, kallar vi leietekstar (eller prompts, som er det engelske omgrepet).
Generert tekst
Teksten som prateroboten lagar/genererer, blir kalla generert tekst.
Hallusinering
Når prateroboten "lyg" og generer noko som ikkje stemmer, seier vi at han hallusinerer.
Systemleietekst
Hovudinstruksen til prateroboten, som han hugsar gjennom heile samtalen, kallar vi systemleietekst. I NDLAs praterobot Elevhjelp var til dømes systemleieteksten per februar 2024: "Skriv som om du er ein elevhjelpar for elevar på vidaregåande skule. Ver pedagogisk og motiverande."

Kva veit du om prateroboten de bruker?

  • Sjekk kva for praterobotar skulen din / fylket ditt tillet at elevane kan bruke.

  • Har skulen databehandlaravtale med tenesta?

  • Sjekk ut prateroboten du og elevane skal bruke:

    • Ingenting er gratis. Dersom tenesta er "gratis", kva betaler brukaren då?

      • Må elevane oppgi personopplysningar?

      • Kva skjer med personopplysningane?

      • Blir elevane eksponerte for reklame?

      • Bruker prateroboten tekstane som elevar skriv, til å trene vidare?

      • Kan tenesta samle inn informasjon om bruksmønsteret til elevane og selje han vidare til ein tredjepart?

    • Kva for ein språkmodell bygger praterobottenesta på?

    • Kan elevane bruke prateroboten til det dei skal? Test ut oppgåver sjølv på forhand!

Sju tips til lærarar

  1. Kva skal elevane bruke prateroboten til?

  2. Elevane bør kunne noko om temaet på forhand.

  3. Gode leietekstar må til for å få gode svar.

  4. Bruk av praterobotar krev god lesekompetanse.

  5. Ver kritisk til det prateroboten skriv.

  6. Praterobotar kan hjelpe oss med å forstå tekst.

  7. Varier oppgåver og gjer eleven aktiv.

1. Kva skal elevane bruke prateroboten til?

Kva ønsker du at elevane skal oppnå med å bruke prateroboten i løpet av undervisningsøkta eller perioden? Skal dei lære meir om eit bestemt tema, lære meir om praterobotbruk, få skrivehjelp, hente inspirasjon, øve på kjeldekritikk eller noko anna?

Finn ut av dette før undervisninga startar, og tilpass undervisningsopplegget til det som er målet. Avgrens oppdraget og la det vere klart for elevane kva dei skal gjere og lære, og kvifor.

Tips til bruk av praterobot i undervisninga

Med ein praterobot kan du

  • få inspirasjon til idéutvikling, disposisjon av tekst og til å lage problemstilling

  • få hjelp til å forstå kunnskapar (til dømes omgrep som fotosyntese, ytringsfridom, vekstfaktor og så vidare)

  • lære å bruke praterobot som eit verktøy og erfare moglegheiter og avgrensingar

  • generere tekst og gjere tilpassinger av han

  • vurdere generert tekst med eit fagleg blikk med eigen kunnskap om temaet

  • øve på kjeldekritikk ved å sjekke robottekst opp mot truverdige kjelder

  • arbeide med og forstå tekst

  • øve på språk (til dømes vokabular eller dialog) eller øve på fagstoff om tema som prateroboten truleg er godt trent på

2. Elevane bør kunne noko om temaet

Elevar bør kunne noko om temaet frå før når dei skal bruke praterobot. Sidan det kan komme både rette og feil svar frå ein praterobot, må elevane kunne vurdere den genererte teksten dei får. Stemmer dette? Kan elevane bruke teksten til noko? Kva kan dei bruke?

Det passar betre å bruke praterobot eit stykke inn i eit tema enn å starte ein undervisningsperiode med praterobotbruk. Det er viktig at elevar ser over og vurderer den genererte teksten og sjekkar han opp mot truverdige kjelder.

3. Gode leietekstar må til for å få gode svar

Sjølv om styrken til ein praterobot er å generere tekstar, krev det mykje av oss å få dei gode svara. Vi må vite korleis vi kan lage gode for å få gode svar på det vi spør om.

Vi lærarar bør støtte og rettleie elevar i korleis ein skriv leietekstar, spesielt elevar som har utfordringar med skriving. Modeller utforming av leietekstar og demonstrer skriving i prateroboten for elevane. Gjentekne forsøk og justering av leietekstar er ei viktig tilnærming i bruken av praterobotar.

Fagartikkel: Leietekstar til praterobotar

Tips til leietekstar og instruksjonar

  • Still konkrete spørsmål.

  • Still spørsmål på nytt.

  • Still oppfølgingsspørsmål.

  • Spør på ein annan måte.

  • Gi konteksten rundt spørsmålet og still så spørsmålet på nytt.

  • Minn prateroboten på oppdraget dersom han mistar tråden.

Dialog mellom brukar og praterobot. Brukaren har spurt prateroboten kva fotosyntesen er. Skjermutklipp.

4. Bruk av praterobot krev god lesekompetanse

Praterobotar svarer villig i veg, med rett eller misvisande informasjon. Det kan komme lange tekstar og tekstar med vanskelege ord.

Det kan vere krevjande å lese mykje tekst. Elevane har ulik lesekompetanse. Ver merksam på at store tekstmengder kan vere utfordrande særleg for elevar med lesevanskar og elevar med eit anna morsmål.

Lær elevane å skrive instruksar slik at dei kan få kortare og meir handterlege svar. Test ut oppgåvene du gir, på forhand.

5. Ver kritisk til det prateroboten skriv

Skiljet mellom praterobot og søkemotor er ikkje klart for alle. Praterobotar er gode til å formulere svar og tekstar som verkar sannsynlege, men det kan vere feil i teksten. Praterobotar er dårlege på faktakunnskap, spesielt dersom temaet handlar om noko dei er lite trente på.

Praterobotar kan foreslå kjelder, men her er det viktig å vere kritisk. Praterobotar kan oppgi relevante kjelder, men dei kan òg dikte opp kjelder, bøker og sidetal som ikkje finst. Dobbeltsjekk om kjeldene stemmer, og gå til originalkjeldene for å innhente informasjon.

Spør du ein praterobot om å oppgi kva kjelder han har brukt i samtalen, kan han svare med at han ikkje kan oppgi kjelder. Nokre praterobotar kan vise til riktige kjelder, men ikkje alltid. Og nokre tenester oppgir kjelder som ikkje nødvendigvis har nokon samanheng med den genererte teksten.

6. Praterobotar kan hjelpe oss med å forstå tekst

Sidan praterobotar kan vere gode på å kjenne igjen tekststrukturar, samanfatte og omarbeide tekst, kan det vere eit verktøy som hjelper elevar å forstå tekstar betre.

Elevar kan be om å få samandrag, kortare tekst, enklare tekst eller at prateroboten skriv noko på ein annan eller enklare måte. Praterobotar kan òg hjelpe oss å setje om tekstar til andre språk.

Oppgåve: Bruk praterobot til å forstå og endre tekstar

Instruksjonar

  • "Kva betyr det?"

  • "Kan du seie det på ein annan måte?" eller "Kan du formulere om?"

  • "Eg forstår ikkje."

  • Gi instruksjon om kva slags svar du ønsker, og kven teksten skal vere til, til dømes: "Forklar dette til ein vg1-elev som ikkje kan så mange framandord."

  • "Kan du oppsummere denne teksten?" eller "Lag eit samandrag av denne teksten i form av ei punktliste."

  • "Kan du seie det på ein kortare måte?"

  • "Kan du seie dette på ein enklare måte?" (Obs: Dette kan gå ut over det faglege innhaldet, og truleg vil ikkje svaret innehalde fagomgrep.)

7. Varier oppgåver og gjer eleven aktiv

Å bruke praterobot i klasserommet kan vere gøy og forfriskande, men er det svært lange og gjentakande oppgåver, kan det bli monotont. Mykje og "tung" tekst kan vere krevjande å handtere for enkelte elevar. Legg inn ulike oppgåvetypar og oppdrag, og sørg for at elevane er aktive på ulike måtar.

  • Unngå lange økter med mykje tekstgenerering. Varier mellom ulike oppdrag elevane skal gjere. De treng ikkje å bruke praterobot heile økta.

  • Ha gjerne diskusjonsoppgåver undervegs, både i par og i plenum.

  • Be elevar generere tekst med same instruks/leietekst, få dei til å samanlikne tekstane. Kva skjer?

  • Legg opp til samarbeid, refleksjon og erfaringsutveksling om praterobotbruk i klasserommet. Elevane kan dele gode tips med kvarandre og lære saman korleis dei kan bruke praterobotar på ein hensiktsmessig måte.

Kjelder

Osloskolen. (2024, 11. mars). Kunstig intelligens (KI) i Osloskolen. https://aktuelt.osloskolen.no/larerik-bruk-av-laringsteknologi/digital-skolehverdag/kunstig-intelligens-ki-i-osloskolen/

Utdanningsdirektoratet. (2024, 29. februar). Råd om kunstig intelligens i skolen. https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/digitalisering/kunstig-intelligens-ki-i-skolen/

Relatert innhald

Kva er god bruk av praterobotar i læringsarbeid? Her får du nokre retningslinjer å støtte deg på.

CC BY-SASkrive av Stina Grolid.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2024

Læringsressursar

Å lære med praterobotar