Hopp til innhald

Fagstoff

Praterobotar som skriveverktøy

Praterobotar kan hjelpe deg med å skrive betre og raskare, men korleis kan du bruke dei på ein god måte?
Kvinne ligg på magen mens ho jobbar på ei berbar datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å be ein praterobot om å ta over skrivinga di er inga god løysing. Han kan og komme med fakta som ikkje stemmer. Dersom du ikkje kontrollerer opplysningane, kan du vere ansvarleg for å spreie feilinformasjon vidare. Språket til praterobotane er òg kjedeleg og generisk. Det du sjølv skriv, er meir levande og interessant. Skal du bruke kunstig intelligens til å skrive, må du derfor ha ei aktiv rolle.

Kunstig intelligens kan gjere skrivearbeidet ditt meir effektivt. Du kjem raskare til målet. Du hentar tips og innspel undervegs. Prateroboten skriv då ikkje teksten for deg, for du må skrive han sjølv. Men bruker du ein praterobot som ein del av den kreative prosessen din, er han eit effektivt skriveverktøy.

Set i gang

Det kan vere vanskeleg å komme i gang med å skrive. Det er ikkje uvanleg å bruke lang tid på å stire inn i ein tom skjerm. Derfor kan det vere lurt å starte med å spørje ein praterobot om han har idéar til kva du bør byrje med. Han vil då gjerne foreslå å skrive fritt alt du har i hovudet (stream of consciousness writing). Etter ei stund vil du forstå kvar du vil med teksten. Det beste tipset prateroboten gir deg, er: Dropp perfeksjonismen! Ikkje få panikk om du skriv dårleg i starten. Du vil skrive betre etter kvart.

Fagstoff

Før du byrjar å skrive kan du be ein praterobot om å komme med informasjon om temaet ditt. Her kan det dukke opp ein og annan feil, så du må alltid vere kritisk til informasjonen du får. Finn nokre kjelder du veit er til å stole på, og legg innhald frå dei inn i prateroboten. Då kan du be han lage ein forenkla versjon. Det forslaget som kjem då, er ikkje ein ferdig tekst, men noko du kan sjå på som nyttige innspel. Gjer gjerne fleire søk, og jo meir detaljert og spesifikt du spør, desto betre svar får du. Skriv mange leietekstar for å omarbeide den opphavlege teksten før du bestemmer deg for kva du skal ta med i din eigen tekst.

Idémyldring

Det kan vere lurt å be ein praterobot om hjelp til idéar. Då kan han gi deg mange ulike innfallsvinklar til temaet ditt. Du får tips om ting du sjølv ikkje har tenkt på. Ein praterobot er òg god på avgrensing. Du kan be han dele opp teksten i undertema og spørje fleire gonger om han kan snevre inn fagområdet ditt. Dermed har du funne ut kva du skal skrive om. Dersom du spør prateroboten om han kan finne eit sentralt spørsmål, har du plutseleg ei problemstilling for teksten din.

Strukturering

Når du har oversikt over kva teksten skal handle om, kan du bruke KI til å organisere stikkorda dine. Ein praterobot kan setje opp eit forslag til korleis du skal bygge opp teksten din. Vel om du vil bruke forslaget han foreslår, delar av det eller di heilt eiga oppbygging. Uansett får du mange innspel til korleis du kan skrive ein ryddig tekst med ei logisk rekkefølge.

Kreative innfallsvinklar

Dersom du ønsker å gjere noko unikt med innhaldet ditt, kan KI bidra på fleire måtar. Praterobotar er gode på rollespel. Du kan bruke ein heil dialog eller delar av ein dialog mellom deg og ein fiktiv karakter i teksten din, til dømes. Diskusjonen med prateroboten kan òg vere eit utgangspunkt for ein argumenterande tekst.

Ein annan ting du kan gjere, er å utforske prateroboten. Tekstane han gir deg, formidlar eit bestemt bilete av verda. Å samle og systematisere svara prateroboten gir, kan gi eit interessant djupdykk i til dømes kjønn, rase eller andre verdiar.

Poetisk språk

Dersom du synest språket ditt blir for flatt og kjedeleg, kan ein praterobot komme med innspel til kva verkemiddel du kan bruke. Han kan gi deg ei oversikt over ulike språklege grep du kan ta. Du kan òg spørje om han kan hjelpe deg med ei og anna setning.

Drsom du ønsker å skrive litt meir elegant om til dømes kunstig intelligens, kan prateroboten foreslå følgande: "KI er den usynlege gartnaren i hagen og får orda dine til å blomstre i eit digitalt økosystem."

Korrektur

Praterobotar er gode på språk, og dei kan hjelpe deg med å omarbeide tekstane dine. Du kan spørje ein praterobot om han kan finne skrivefeil i teksten. Du kan be han forklare kvifor det som står, ikkje er rett, for å lære det til neste gong.

Praterobotar kan òg plukke ut uklare eller upresise setningar. Dersom du skriv følgande leietekst, får du mange gode tips: "Kan du skrive dette avsnittet betre?" Du kan òg spørje om kva som fungerer godt i teksten din. Det er alltid hyggeleg å høyre kva ein får til.

Lykke til med skrivearbeidet ditt!

Begrenset brukSkrive av Elin Måge.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2024

Læringsressursar

Å lære med praterobotar