Introduksjon
CC BY-SA 4.0Ungdomstida er full av tanker og kjensler. Ved å få kunnskap og reflektere over dine eigne og andre sine tankar og kjensler vil du bli betre i stand til å ta vare på di eiga og andre si psykiske helse.
I denne læringsstien vil du
- få kunnskap om kva kjensler og tankar er
- reflektere over samanhengen mellom tankar og kjensler og den psykiske helsa vår
- utforske korleis tankar og kjensler kan påverke den psykiske helsa vår på forskjellige måtar
- diskutere korleis du kan regulere kjensler og unngå uheldige tankemønster og tankefeller
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet psykisk helse.
Læringsstien er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen, som arbeider med å spreie informasjon om psykisk helse til skular i Noreg.