Fagartikkel
Å ordne data og presentere undersøkinga
Formålet med forsking og undersøkingar er å finne ny kunnskap og å formidle kunnskapen til andre.
Når alle data er samla inn, startar den viktige jobben med å ordne dataa og deretter å lage ein rapport. For at rapporten skal få ein god struktur, kan de følgje denne disposisjonen:
- Presenter problemstillinga. Kva undersøkte de?
- Fortel om den metoden de brukte, og grunngi kvifor de valde denne metoden.
- Legg fram alle data i ei gjennomarbeidd form. Ofte er det lettare å forstå ein grafisk figur enn ein tabell med tal.
- Gjer greie for dei funna de har gjort.
- Trekk nokre konklusjonar som datamaterialet viser, men hugs å nemne dei metodiske veikskapane som ein må vere klar over.
- Bak i rapporten bør de skrive ned dei kjeldene de har brukt. Det kan vere bøker, artiklar, filmar osv. Oppgi forfattar, utgivingsstad og utgivingsår.
- Presenter stoffet i rapportform eller som eit foredrag. Hugs at de ofte må utelate delar av undersøkinga. Alt er ikkje like viktig å leggje fram. Det viktigaste er å nå fram til dei som er mottakarar av rapporten.
- Er undersøkinga dykkar interessant for lokalavisa? Ta kontakt med redaksjonen og fortel om undersøkinga.