PS-40
Eit politisk parti aukar oppslutninga si frå 10,5 prosent til 12,5 prosent.
a) Kor mange prosentpoeng har oppslutninga auka med?
Løysing
Oppslutninga har auka med prosentpoeng.
b) Kor stor har auken vore i prosent?
Løysing
Auken i prosent er .
PS-41
Sjukefråværet i ei bedrift har gått ned frå 6,7 prosent til 6,1 prosent.
a) Kor mange prosentpoeng har sjukefråværet gått ned med?
Løysing
Sjukefråværet gjekk ned med
b) Kor stor har nedgangen vore i prosent?
Løysing
Nedgangen i prosent er
PS-42
a) Eit politisk parti hadde ein månad ei oppslutning på 29,5 prosent. Ved neste måling hadde partiet auka oppslutninga si med 6,1 prosent.
Kor mange prosentpoeng har oppslutninga til partiet auka med?
Løysing
Dei 6,1 prosentane blir rekna av talet 29,5. Vi må derfor først finne kor mykje 6,1 prosent er av 29,5. Hugs at 29,5 svarer til 100 prosent. Vi bruker metoden "vegen om 1". 6,1 prosent av oppslutninga blir
Partiet har auka oppslutninga med 1,8 prosentpoeng.
b) Eit anna politisk parti fekk ei oppslutning på 19,8 prosent etter å ha mista 10 prosent av tilhengarane sine.
Kor mange prosentpoeng gjekk oppslutninga ned med?
Løysing
Vi reknar først ut kor stor oppslutninga var før nedgangen. Her kan det lønne seg å bruke vekstfaktor. Vekstfaktor for endringa er 0,9. Oppslutninga før nedgangen er
Nedgangen i prosentpoeng blir
c) Eit tredje parti fekk auka oppslutninga si med 1,8 prosentpoeng. Dette svarte til ein auke på 15 prosent.
Kor stor var oppslutninga til partiet før oppgangen?
Tips til oppgåva
Finn ut kor mange prosent 1,8 prosentpoeng svarer til.
Løysing
1,8 prosentpoeng svarer til 15 prosent av oppslutninga før oppgangen. Oppslutninga før oppgangen svarer til 100 prosent. Vi bruker metoden "vegen om 1". Oppslutninga før oppgangen var
d) Eit fjerde politisk parti fekk redusert oppslutninga si med 5 prosent, eller 0,4 prosentpoeng.
Kva var oppslutninga etter nedgangen?
Tips til oppgåva
Vi kan finne svaret ved først å rekne ut oppslutninga før nedgangen slik vi gjorde i den førre oppgåva. Prøv om du klarer å rekne ut oppslutninga etter nedgangen utan å gå vegen om oppslutninga før nedgangen. Tenk "vegen om 1" og finn ut kor mange prosent oppslutninga etter nedgangen svarer til.
Løysing
Vi tek utgangspunkt i at 0,4 prosentpoeng svarer til 5 prosent av oppslutninga før nedgangen. Oppslutninga etter nedgangen må derfor svare til 95 prosent av oppslutninga før nedgangen. Vi bruker metoden "vegen om 1" og får at oppslutninga etter nedgangen var