Hopp til innhald
Oppgåve

Vekstfaktor og prosentvis endring

Prøv å løyse så mange av desse oppgåvene som mogleg utan hjelpemiddel. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Oppgåve 1

Finn vekstfaktoren når prisen på ei vare blir auka med

a) 10 %
b) 50 %
c) 27,5 %
d) 72 %
e) 1,53 %
f) 0,6 %

Løysing

a) Vekstfaktoren blir 100 %+10 %=110 %=1,1.

b) Vekstfaktoren blir 100 %+50 %=150 %=1,5.

c) Vekstfaktoren blir 100 %+27,5 %=127,5 %=1,275.

d) Vekstfaktoren blir 100 %+7,2 %=107,2 %=1,072.

e) Vekstfaktoren blir 100 %+1,53 %=101,53 %=1,015 3.

f) Vekstfaktoren blir 100 %+0,6 %=100,6 %=1,006.

Løysing med bruk av formel for vekstfaktor:

a) Vekstfaktoren blir 1+10100=1+0,1=1,10.

b) Vekstfaktoren blir 1+50100=1+0,5=1,50.

c) Vekstfaktoren blir 1+27,5100=1+0,275=1,275.

d) Vekstfaktoren blir 1+7,2100=1+0,072=1,072.

e) Vekstfaktoren blir 1+1,53100=1+0,015 3=1,015 3.

f) Vekstfaktoren blir 1+0,6100=1+0,006=1,006.

Oppgåve 2

Finn vekstfaktoren når prisen på ei vare blir sett ned med

a) 10 %
b) 50 %
c) 27,5 %
d) 7,2 %
e) 1,53 %
f) 0,6 %

Løysing

a) Vekstfaktoren blir 100 %-10 %=90 %=0,9.

b) Vekstfaktoren blir 100 %-50 %=50 %=0,5.

c) Vekstfaktoren blir 100 %-27,5 %=72,5 %=0,725.

d) Vekstfaktoren blir 100 %-7,2 %=92,8 %=0,928.

e) Vekstfaktoren blir 100 %-1,53 %=98,47 %=0,984 7.

f) Vekstfaktoren blir 100 %-0,6 %=99,4 %=0,994.

Løysing med bruk av formel for vekstfaktor:

a) Vekstfaktoren blir 1-10100=1-0,1=0,90.

b) Vekstfaktoren blir 1-50100=1-0,5=0,50.

c) Vekstfaktoren blir 1-27,5100=1-0,275=0,725.

d) Vekstfaktoren blir 1-7,2100=1-0,072=0,928.

e) Vekstfaktoren blir 1-1,53100=1-0,015 3=0,9847.

f) Vekstfaktoren blir 1-0,6100=1-0,006=0,994.

Oppgåve 3

Kva for ei prosentvis endring svarer til kvar av vekstfaktorane nedanfor?

a) 1,50
b) 1,35
c) 0,75
d) 1,05
e) 0,96
f) 2,45

Løysing

a) 1,50=150 %=100 %+50 %. Vekstfaktoren svarer til ein auke på 50 %.

b) 1,35=135 %=100 %+35 %. Vekstfaktoren svarer til ein auke på 35 %.

c) 0,75=75 %=100 %-25 %. Vekstfaktoren svarer til ein reduksjon på 25 %.

d) 1,05=105 %=100 %+5 %. Vekstfaktoren svarer til ein auke på 5 %.

e) 0,96=96 %=100 %-4 %. Vekstfaktoren svarer til ein reduksjon på 4 %.

f) 2,45=245 %=100 %+145 %. Vekstfaktoren svarer til ein auke på 145 %.

Oppgåve 4

Ei vare kostar 500 kroner.

Kva kostar vara etter at prisen er auka med 25 prosent? Bruk vekstfaktor.

Løysing

Vekstfaktoren blir 100 %+25 %=125 %=1,25.

Ny pris på vara blir 500 kr·1,25=625 kr.

Oppgåve 5

Ei vare kostar 500 kroner.

a) Kva kostar vara etter at prisen er sett ned med 25 prosent? Bruk vekstfaktor.

Løysing

Vekstfaktoren blir 100 % -25 %=75 %=0,75.

Ny pris på vara blir 500 kr·0,75=375 kr.

b) Emilie skulle løyse denne oppgåva:

"Etter at ei vare vart sett ned 25 prosent, vart den nye prisen 375 kroner. Kva kosta vara opphavleg?"

Emilies løysing:

100 % -25 %=75 %=0,75

375 kr+93,75 kr=468,75 kr

Den opphavlege prisen var 468,75 kroner.

Kvifor er Emilies løysing feil?

Løysing

Emilie prøver først å rekne ut kva 25 prosent svarer til. Då føreset ho at 375 kroner svarer til 100 prosent, noko det ikkje gjer. Dei 375 kronene svarer til det som er igjen etter at det er trekt frå 25 prosent, det vil seie 75 prosent. Det er den opphavlege prisen som svarer til 100 prosent.

Emilie skulle derfor ha delt den nye prisen på vekstfaktoren 0,75 for å rekne seg tilbake til den opphavlege prisen:

375 kr0,75=500 kr

Dette stemmer med det vi fann i oppgåve a).

Oppgåve 6

Ei vare som kosta 1 500 kr, blir først sett opp med 12 prosent, for så å bli sett ned med 20 prosent.

a) Finn den nye prisen. Bruk vekstfaktor.

Løysing

Ein auke på 12 prosent gir vekstfaktoren 1,12.

Eit avslag på 20 prosent gir vekstfaktoren 0,80.

Den nye prisen på vara blir

1 500 kr·1,12·0,80=1 344 kr

b) Kor mange prosent er desse to endringane sett under eitt?

Løysing

Vi må finne vekstfaktoren for den totale endringa.

  • Vekstfaktoren – alternativ 1

    Vi reknar ut vekstfaktoren ved å dele den nye verdien på den opphavlege verdien.

    1 344 kr1 500 kr=0,896

  • Vekstfaktoren – alternativ 2

    Dersom vi multipliserer saman dei to vekstfaktorane i oppgåve a), vil vi få eitt tal som vil vere vekstfaktor for prisendringa frå 1 500 kroner til 1 344 kroner.

    1,12·0,8=0,896

    Merk at med alternativ 2 treng vi ikkje kjenne prisane for å rekne ut den totale prosentvise endringa.

Når vekstfaktoren er 0,896, er det totalt sett ein prosentvis nedgang. Den nye prisen er 89,6 prosent av den opphavlege. Da har vi nedgang i prisen på

100 %-89,6 %=10,4 %

Vi kan òg finne prosenten ved å bruke formelen for vekstfaktoren. Då må vi løyse likninga

0,896 = 1-p100

Vi kan løyse likninga med manuell rekning. Dersom vi bruker CAS i GeoGebra, får vi dette:

Totalt sett har prisen på vara vorte redusert med 10,4 prosent.

I linje 2 i CAS har vi skrive $1 og trykt på knappen for å få resultatet i første linje skrive som eit desimaltal.

c) Forklar kvifor vi ikkje finn den totale prosentvise endringa ved å rekne direkte med prosentane slik: 12 %-20 %=-8 %, som svarer til ein nedgang på 8 %.

Løysing

Vi kan ikkje rekne direkte med prosentane fordi dei ikkje blir rekna av det same talet. Dei 20 prosentane i prisreduksjon blir ikkje rekna av den opphavlege prisen.

Oppgåve 7

Prisen for ei vare som kosta 1 500 kroner, blir først sett ned med 12 prosent, for så å bli sett opp med 20 prosent.

a) Finn den nye prisen. Bruk vekstfaktor.

Løysing

Eit avslag på 12 prosent gir vekstfaktoren 0,88.

Ein prisauke på 20 prosent gir vekstfaktoren 1,20.

Den nye prisen på vara blir

1 500 kr ·0,88·1,20=1 584 kr


b) Kor mange prosent har prisen vorte sett opp i alt?

Løysing

Vekstfaktoren for heile endringa er

1 584 kr1 500 kr=1,056=105,6 %

Prisauken er derfor på 5,6 prosent.

Alternativt kan vi rekne ut den totale vekstfaktoren som produktet av dei to vekstfaktorane.

0,88·1,20=1,056

c) Forklar kvifor vi ikkje finn den totale prosentvise endringa ved å rekne direkte med prosentane slik: 20 %-12 %=8 %.

Løysing

Vi kan ikkje rekne direkte med prosentane fordi dei ikkje blir rekna av det same talet. Dei 20 prosentane i prisauke blir ikkje rekna av den opphavlege prisen.

Oppgåve 8

Ei vare som kosta 900 kroner, blir først sett ned med 10 prosent, for så å bli sett ned med 5 prosent til.

a) Finn den nye prisen. Bruk vekstfaktor.

Løysing

Eit avslag på 10 prosent gir vekstfaktoren 0,90.

Eit avslag på 5 prosent gir vekstfaktoren 0,95.

Den nye prisen på vara blir

900 kr·0,90·0,95=769,50 kr.


b) Kor mange prosent har prisen vorte sett ned i alt?

Løysing

Vekstfaktoren for heile endringa er

769,50 kr900 kr=0,855=85,5 %

Vidare har vi at

100 %-85,5 %=14,5 %

Prisen er i alt sett ned med 14,5 prosent.

Alternativt kan vi rekne ut den totale vekstfaktoren som produktet av dei to vekstfaktorane.

0,90·0,95=0,855

Oppgåve 9

Ein genser kosta først 800 kroner. Så vart prisen sett opp til 900 kroner. Seinare vart det sal, og prisen vart sett ned med 20 prosent.

Kor mange prosent var den totale endringa?

Løysing

Vi kan løyse oppgåva utan å finne prisen etter at genseren kom på sal. Med CAS i GeoGebra kan det sjå slik ut.

Forklaring på kva som er gjort på kvar linje:

På linje 1 er forholdet mellom prisen etter den første endringa og den opphavlege prisen rekna ut. Dette gir vekstfaktoren for den første endringa.

På linje 2 er vekstfaktoren for den første endringa multiplisert med vekstfaktoren for den andre endringa for å finne vekstfaktoren for den totale endringa.

På linje 3 løyser vi ei likning for å finne prosenten.

Totalt sett har prisen på genseren gått ned med 10 prosent (frå den opphavlege prisen på 800 kroner).

Oppgåve 10

a) Kor mange prosent aukar eit tal dersom det doblar seg?

Løysing

Når eit tal doblar seg, aukar det med like mykje som seg sjølv, det vil seie 100 prosent.

b) Kva blir vekstfaktoren i oppgåve a)?

Løysing

Ei dobling betyr at vi multipliserer med 2. Dette må derfor òg vere vekstfaktoren. Vi kontrollerer svaret ved å bruke formelen for vekstfaktoren:

1+100100=1+1=2

c) Kva blir vekstfaktoren dersom eit tal blir halvert?

Løysing

Ei halvering må bety at talet blir multiplisert med 12, som då blir vekstfaktoren.

d) Kor mange prosent større blir eit tal dersom vekstfaktoren er 8?

Løysing

8=800 %=100 %+700 %

Talet blir 700 % større.

Vi kan òg setje opp ei likning ut frå formelen for vekstfaktoren.

1+p100 = 8p100 = 7p = 700

Talet blir 700 prosent større.

e) Kva blir vekstfaktoren når noko aukar med 600 prosent?

Løysing

Vekstfaktoren blir

100 %+600 %=700 %=7

Alternativt kan vi bruke formelen for vekstfaktoren:

1+600100=1+6=7

Oppgåve 11

Kva kan du om vekstfaktor og prosentvis endring?

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som word- og pdf-dokument.