Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Budsjett for ein barnehage

Furefoss barnehage har mange inntekter og utgifter. For å få kontroll og oversikt over økonomien blir det laga eit budsjett og ein rekneskap. Budsjettet er planen for korleis pengane skal brukast, mens rekneskapen viser korleis pengane faktisk vart brukte.
Mange barn leikar ute i ein barnehage. Nokre leikar i sandkassa, mens andre huskar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Barnehagen Furefoss har 37 barn. For kvart barn får barnehagen tilskot frå staten. I tillegg betaler føresette barnehagekontingent og kostpengar. Barnehagekontingenten er månadsprisen for barnehageplassen, og kostpengane dekkjer maten som barnet får servert i barnehagen.

Oppgåve 1

Bruk rekneark, og lag eit budsjett for Furefoss barnehage for januar. Budsjettet skal gi ei oversikt over samla inntekter, kostnader og .

Inntekter: Tilskot frå staten per barn er 15 000 kr, barnehagekontingent per barn er 2 800 kr, og kostpengar per barn er 450 kr. Kostnader: Overtid per time er 370 kr, og barnehagen forventar 5 overtidstimar i januar. Utgifter til kurs blir forventa å bli 4 200 kr, transport 1 400 kr, lønn 620 000 kr, reingjering 7 680 kr, husleige 8 300 kr, administrasjonskostnader 2 300 kr, mat 18 000 kr og utgifter til materiell 3 200 kr.

Oppgåve 2

Bruk rekneark, og lag eit budsjett for Furefoss barnehage for februar.

Barnehagen får to nye barn. I budsjettet for februar må talet på barn aukast frå 37 til 39. Utgifter til mat aukar til 19 000 kr. To av avdelingane skal på ein lang busstur, og transportkostnadene blir auka til 5 600 kr. Talet på overtidstimar aukar òg på grunn av bussturen, og det blir forventa 12 timar overtid i februar. Kostnader til kurs blir 1 100 kr, og utgifter til materiell blir 4 600 kr. Dei andre postane blir verande som i januar.

Reflekter over kva inntekter og kostnader som påverkar resultatet mest. Kvifor er det så stor differanse mellom resultata for januar og februar i budsjettet til Furefoss barnehage?


Filer

Oppgåve 3

Under ser du rekneskapen for februar.

Når du gjennomfører budsjettkontroll, samanliknar du budsjett og rekneskap. Det er vanleg å leggje til ein kolonne med avvik, altså tal som viser differansen mellom forventa resultat (budsjett) og faktisk resultat (rekneskap). Avvika blir viste i prosent.

Kvar finn vi avvika, og kva kan dei kome av? Nemn nokre moglege årsaker. Kva konsekvensar kan dette ha for neste budsjett?

Rekneskap for februar

Inntekter:

Tilskot frå staten

kr 585 000

Barnehagekontingent

kr 109 200

Kostpengar

kr 17 550

Sum inntekter

kr 711 750

Kostnader:

Overtid

kr 4 440

Kurs

kr 1 100

Transport

kr 5 600

Lønn

kr 673 000

Reingjering

kr 7 680

Husleige

kr 8 300

Administrasjonskostnader

kr 2 300

Mat

kr 22 000

Materiell

kr 5 200

Sum kostnader

kr 729 620

Resultat

kr 17 870

Filer

CC BY-SASkrive av Viveca Thindberg.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2019

Læringsressursar

Budsjett og rekneskap