Furefoss idrettslag arrangerer fotballkamp - Matematikk 1T-Y - RM - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Furefoss idrettslag arrangerer fotballkamp

Furefoss idrettslag strøymer ein fotballkamp direkte på internett. Hjelp klubben med å berekne kostnader og inntekter, lage budsjett, rekneskap og til slutt føre budsjettkontroll for arrangementet. Her er det lurt å bruke rekneark.

Inntekt og kostnad

Ein stor epidemi fører til at alle fotballkampar på stadionet må gjennomførast utan publikum. Furefoss idrettslag er avhengig av billettinntekter og sal i kiosken, og dei prøver å finne andre løysingar. Dei vil strøyme kampen direkte og får eit tilskot frå kommunen på 6 500 kroner for å dekkje nokre av utgiftene.

Som erstatning for kiosksal bestemmer dei seg for å selje "tilskodarpakkar" med kanelbollar og brus, som blir leverte heim til kjøparane rett før kampstart. Brus og kanelbollar blir kjøpt inn hos lokale produsentar, mens leveringa blir arrangert på dugnad. Dei ventar òg nokre annonseinntekter ved å vise reklame før og under direktesendinga.

Meirverdiavgift

Den generelle satsen for meirverdiavgift er 25 prosent. Næringsmiddel har 15 prosent meirverdiavgift, og for persontransport, kinobillettar og overnatting er satsen 12 prosent. Sidan idrettslaget sel på frivillig basis og berre til fotballkampen, slepp dei å leggje til meirverdiavgift på eigne prisar på tilskodarpakkane med brus og kanelbollar. Dei må likevel betale meirverdiavgift når dei kjøper produkt av lokale produsentar.

Furefoss idrettslag får eit tilbod frå den lokale saft- og brusprodusenten på sitronbrusen "Fossen sitron" til 7,20 kroner per flaske eksklusiv meirverdiavgift. Det vil altså seie at meirverdiavgifta ikkje er inkludert i prisen. Ved kjøp av 500 flasker eller meir kostar brusen 6,90 kroner per flaske. Bakar A kan tilby kanelbollar til 9,20 kroner per stykk inklusiv meirverdiavgift. Her er altså meirverdiavgifta inkludert i prisen.

Klubben lagar to tilbod med kanelbollar og brus til tilhengjarane sine: liten tilskodarpakke med 2 brus og 2 kanelbollar til 80 kroner og stor tilskodarpakke med 4 brus og 4 kanelbollar til 120 kroner. Dei reknar med å selje 50 små tilskodarpakkar og 80 store tilskodarpakkar.

Idrettslaget gir lokale bedrifter to moglegheiter til å kjøpe reklameplass i samband med fotballkampen: 2·3 sekund skjermtid (rett før kampen og i pausen) vil koste 1 800 kroner, mens bedriftslogo på tilskodarpakkane kostar 2 200 kroner. Klubben har som mål å skaffe 4 annonsørar som vil kjøpe skjermtid og 2 annonsørar som kjøper plass til bedriftslogoen sin på tilskodarpakkane.

Oppgåve 1

a) Kor mykje må idrettslaget betale for innkjøp av brus inkludert meirverdiavgift?

b) Kor mykje må idrettslaget betale for innkjøp av kanelbollar eksklusiv meirverdiavgift?

c) Kor mange kroner av prisen for ein stor tilskodarpakke går til meirverdiavgift?

d) Kva reknar idrettslaget med å tene per selde liten tilskodarpakke?

e) Kva reknar idrettslaget med å tene per selde stor tilskodarpakke?

Oppgåve 2

Bruk rekneark og set opp eit budsjett som gir idrettslaget ei samla oversikt over venta inntekter og utgifter.

Oppgåve 3

Bakar B i nabobygda har høyrt om fotballkampen og leverer eit tilbod til Furefoss idrettslag: kanelbollar til 5,40 kroner eksklusiv meirverdiavgift og dessutan gratis reklameplass med skjermtid.

Kva bakar bør idrettslaget velje? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 4

Fotballkampen er spelt, og kanelbollane er etne. I ettertid finn klubben ut at utgifter til direktestrøyminga vart 8 200 kroner til saman. Dei fekk selt 30 små tilskodarpakkar og 60 store tilskodarpakkar. Dei klarte å nå målet sitt om å skaffe 4 annonsørar til skjermtid under strøymearrangementet og 2 annonsørar til bedriftslogo på tilskodarpakkane.

Set opp ein rekneskap for fotballkampen på det same reknearket som budsjettet.

Oppgåve 5

Du skal gjennomføre ein budsjettkontroll for Furefoss idrettslag. Du samanliknar budsjettet med rekneskapen og finn avvika i kroner og prosent. Inntektsavviket er inntektene som rekneskapen viser minus dei budsjetterte inntektene. Utgiftsavviket er utgiftene som rekneskapen viser minus dei budsjetterte utgiftene.

a) Hald fram på reknearket du brukte til budsjett og rekneskap, og lag nye kolonnar som viser avvik i kroner og i prosent.

b) Kor stort vart inntektsavviket i kroner, og kva kjem det av?

c) Kor stort vart utgiftsavviket i prosent, og kva kjem det av?

d) Kva råd vil du gi til Furefoss idrettslag, basert på budsjettkontrollen, før neste strøymearrangement? Har du gode råd til korleis klubben kan betre inntektene sine?

Under finn du eit rekneark med løysingsforslag.

Skrive av Viveca Thindberg.
Sist fagleg oppdatert 09.09.2020