Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kart og arbeidsteikningar

Oppgåve 2.3.22 og 2.3.23 bør du klare utan hjelpemiddel.

2.3.20

Vi har eit kart i målestokk 1 : 40 000.

a) På kartet måler vi at det er 8,5 cm frå fastlandet og ut til ei øy. Kor lang er denne avstanden i røyndomen?

vis fasit

Når målestokken er 1 : 40 000, vil 1 cm på kartet vere 40 000 cm = 400 m = 0,4 km i røyndomen. 8,5 cm på kartet blir dermed 8,5·0,4 km=3,4 km i røyndomen.

b) Avstanden mellom to skjer er omtrent 5 200 meter. Finn kor mange centimeter dette utgjer på kartet.

vis fasit

1 cm på kartet utgjer 400 meter i røyndomen. 5 200 meter i røyndomen blir dermed

5 200400 cm=13,0 cm

Avstand på sjøen måler vi vanlegvis i nautiske mil. Ei nautisk mil er 1 852 meter.

c) På kartet måler vi at det er 10,5 cm frå Sånum til Stussøy. Finn avstanden i nautiske mil mellom desse to stadene.

vis fasit

10,5 cm på kartet blir 10,5·400 m=4 200 m i røyndomen. Talet på nautiske mil blir då

4 2001 852 nautiske mil=2,3 nautiske mil

Fart på sjøen måler vi vanlegvis i knop. Knop er talet på nautiske mil per time (nautiske mil/h). Er farten din 10 knop, kjem du 10 nautiske mil på ein time. Er farten 7 knop, kjem du 7 nautiske mil på ein time osb.

d) Tenk deg at du er på båttur fra Sånum til Stussøy med ein fart på 6 knop. Kor lang tid tek båtturen?

vis fasit

Båtturen tek 2,3 nautiske mil6 nautiske mil/h=0,38 h.

I minutt blir det 0,38 h·60 min/h=23 min

Båtturen frå Sånum til Stussøy tek ca. 23 minutter med ein fart på 6 knop.

2.3.21

Planteikning av hus. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikninga viser grunnflata til eit hus i målestokk 1 : 100.

a) Kva tyder det at målestokken er 1 : 100?

vis fasit

1 cm på arbeidsteikninga er 100 cm i røyndomen.

b) Kor mange kvadratmeter blir utvidinga av stova?

vis fasit

Utvidinga av stova blir 450 cm·350 cm=4,5 m·3,5 m=15,8 m2.

2.3.22

Teikn ei skisse av pulten eller bordet du sit ved. Bruk målestokk 1:10.

2.3.23

Ei arbeidsteikning av ein maskindel er i målestokk 5 : 1.

a) Kva tyder det at målestokken er 5 : 1?

vis fasit

Når målestokken er 5 : 1, vil 5 cm på teikninga vere 1 cm i røyndomen.

b) Eit mål på teikninga er 100 mm. Kor mange millimeter blir dette i røyndomen?

vis fasit

100 mm blir 100 mm5=20 mm i røyndomen.

c) Maskindelen har ei lengd på 21 mm. Kva blir dette målet på teikninga?

vis fasit

Målet blir 21 mm·5=105 mm i røyndomen.

2.3.24

Bruk oppskrifta frå teorien og lag di eiga skisse av eit rom med nokre møblar.
Dersom du bruker til dømes GeoGebra, vil du kunne dreie teikninga di i ulike retningar.
Ta deg tid til å gjere dette skikkeleg.

CC BY-SASkrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2020

Læringsressursar

Formlikskap