Måleiningar for volum
Ein terning med sidekantar 1 cm, har eit volum på éin kubikkcentimeter, 1 cm3.
Ein terning med sidekantar på 1 meter har volum på 1 kubikkmeter, 1 m3.
Ein terning med sidekantar på 1 desimeter har volum på 1 kubikkdesimeter, 1 dm3 .
Ein terning med sidekantar på 1 millimeter har volum på 1 kubikkmillimeter, 1 mm3.
I kvar rute i diagrammet ovanfor kan vi leggje ein terning med sidekantar lik 1 cm. Vi ser diagrammet rett ovanfrå. Det er plass til terningar.
Dersom vi legg 10 lag med terningar oppå kvarandre, får vi ei høgd på 10 cm som er lik 1 dm. Det blir til saman terningar.
Det er altså plass til 1000 terningar med sidekantar på 1 cm i éin terning med sidekantar på 1 dm.
Det tyder at
og
Tilsvarande er og .
Døme
Når vi set opp måleiningane for volum etter kvarandre som i tabellen nedanfor, kan vi ha som hugseregel at vi må gonge med 1000 når vi går éin plass til høgre i tabellen (flytte komma tre plassar til høgre), og dele med 1000 når vi går éin plass til venstre (flytte komma tre plassar til venstre).
2,3 | 2 300 | 2 300 000 | 2 300 000 000 |
0,000 45 | 0,45 | 450 | 450 000 |
Frå dagleglivet er du nok meir vant til å bruke måleininga liter (L) for volum. Det gjeld til dømes om det er mjølk som ein del i matoppskrifter, eller om det er bensin du skal kjøpe til mopeden.
Samanhengen mellom liter og måleiningane kubikkmeter, kubikkdesimeter osb., er at 1 liter er definert lik1 dm3. Det vil seie at 1 liter er det same som 1 kubikkdesimeter.
Sidan tyder det at ein mjølketank på 3 kubikkmeter inneheld 3 000 liter mjølk! Frå dagleglivet er du kjent med litermålet
Du er nok også kjent med at ein liter blir delt inn i desiliter, centiliter og milliliter der