Frå ungdomsskolen er du kjend med dei fire rekningsartane; addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon. Her følgjer ein liten repetisjon.
Når vi adderer, får vi ein sum. Tala før og etter addisjonsteikna blir kallaledd.
Når vi subtraherer, får vi ein differanse. Tala før og etter subtraksjonsteikna blir kalla ledd.
Når vi multipliserer, får vi eit produkt. Tala før og etter multiplikasjonsteikna blir kalla faktorar.
Når vi dividerer, får vi ein kvotient. Divisjonsteiknet kan også skrivast som brøkstrek. Tala over og under brøkstreken blir kalla høvesvis for teljar og nemnar.
Lær deg omgrepa som blir brukt i dette avsnittet! Hugs at i ein brøk er teljaren "på toppen" og nemnaren "nede".
CC BY-NC-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2020