Søylediagram/stolpediagram
La oss tenkje oss at Mary Ann har gjennomført ei undersøking og funne at følgjande karakterar vart gitt på ei matematikkprøve:
4 2 5 3 3 2 5 4 1 3 2 2 5 3 1 4 2 5 3 2 4 3 6 2 5 3 2 5 5 4
Eit søylediagram, eller stolpediagram, gir visuelt eit betre oversyn over karakterfordelinga. Vi kan teikne diagrammet på papir eller i eit rekneark.
I reknearket Excel merker vi "karakter- og frekvenskolonnen" og vel "Set inn" og ønskt stolpediagram.
Ved å velje "Utforming" kan vi finne fram til ønskt oppsett og format for diagrammet.
Eit stolpediagram er godt eigna til å presentere eit talmateriale der data fordeler seg på eit avgrensa tal verdiar eller kategoriar. I vårt døme fordeler dataa seg på 6 karakterar.
Diagrammet for kumulativ frekvens viser kor mange elevar som fekk lik eller lågare karakter enn den som er gitt.
Stolpediagram kan gi eit oversyn over fleire forhold samtidig.
Ved ein skule er det 840 elevar, 360 jenter og 480 gutar. Skulen skal arrangere tur. Elevane kan velje om dei vil vere med. Ei undersøking viser at 320 av jentene og 340 av gutane ønskjer å vere med.
Korleis kan vi presentere resultata slik at det tydelig går fram kor mange elevar som ønskjer å bli med på turen samtidig som vi får fram skilnader mellom jenter og gutar?
Vi lagar ein krysstabell i reknearket.
| A | B | C | D |
---|---|---|---|---|
1 |
| Jenter | Gutar | Sum |
2 | Ønskjer å delta | 320 | 340 | 660 |
3 | Ønskjer ikkje å delta | 40 | 140 | 180 |
4 | Sum | 360 | 480 | 840 |
I reknearket kan du skrive inn dei oppgitte verdiane for så å bruke formlar for å fylle ut resten av tabellen.
Vi vel så eit "stabla stolpediagram".