Hopp til innhald

Fagstoff

TT-nett

Eit TT-nett er veldig likt eit IT-nett, men har direkte jorda nøytralpunkt i transformatoren og ikkje nokon nullpunktsavleiar eller noko gjennomslagsvern. Det er det minst vanlege nettsystemet i Noreg.
TT-nett. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Terra-Terra

I eit TT-nett («Terra-Terra») vil ein jordfeilstraum ha ein litt enklare veg å gå enn i eit IT-nett. IT-nett er kjenneteikna ved at eit gjennomslagsvern (disneuter) sikrar at trafoens nøytralpunkt er isolert frå jord. Dette gjennomslagsvernet har vi ikkje i eit TT-nett. Der er nøytralpunktet i transformatoren direkte jorda (sjå teikning).

Dersom det oppstår ein jordfeil i ein kurs i eit TT-nett, vil jordfeilstraumen gå ned i jord og opp i jordleiar til transformator. Vi vil her få ein feilstraum som er større enn i eit IT-nett, og han vil liggje på mellom 2 A og 20 A, avhengig av impedansen i feilsløyfa. TT-nett er ikkje eit vanleg nettsystem i Noreg. Det finst berre i Agder og nokre andre stader langs vestlandskysten, som Karmøy, Bokn, Tysvær, Sveio, Vindafjord og Bergen.

Om atmosfæriske forhold eller koplingar i nettet fører til overspenning i eit IT-nett, vil gjennomslagsvernet danne varig samband til jord. Om det ikkje blir skifta ut, vil forsyninga endre karakter og fungere som eit TT-system.

På TT-nettet kan du kople til både tofasa og trefasa 230 V-belastningar, og det er krav om eit lokalt jordingssystem, sidan det ikkje blir ført fram null-leiar eller jordleiar frå straumleverandøren.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen, Rodney Årnes og Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Fordelingssystem