Distribusjonsnett
For at både privatpersonar og næringslivet skal ha tilgang til elektrisk energi, er vi avhengige av at energiselskap som til dømes BKK og Lyse faktisk har høve til å forsyne oss med elkraft. Slike selskap får konsesjon til å drive dei lokale distribusjonsnetta, som overfører elektrisk energi frå det statlege sentralnettet, gjennom såkalla regionalnett og heilt ut til sluttbrukarane.
Distribusjonsnetta er høgspente (11 kV eller 22 kV) frå transformatorstasjonen, som er kopla til regionalnettet og fram til dei lokale nettstasjonane. Frå nettstasjonane og fram til sluttbrukarane (i industrien eller private) er distribusjonsnetta lågspente og overfører energi i spenningar på anten 230 V eller 400 V. Dei lågspente distribusjonsnetta kan byggjast som luftlinjer, som var vanleg før, eller leggjast som jordkablar, som er standard i dag.
Det er i hovudsak tre ulike nettsystem for lågspent energioverføring i Noreg. Desse blir òg kalla for fordelingssystem eller nettsystem:
Tradisjonelt har TN-nett vore særleg aktuelt for industrielle anlegg, men i dag blir det meir og meir aktuelt òg for privatkundar. Ei av årsakene til dette er nok at vi opplever større og større behov for heimelading av elektriske bilar, som kan gjerast raskare og med større effekt på 400 V TN-nett. Dette gjer at det i dag er stort behov for å både byggje nye og oppgradere eksisterande lokale distribusjonsnett.