Hopp til innhald

Fagstoff

Handtering av elektronisk avfall

Alle produkt som er meint for tilkopling til batteri eller nettspenning, blir definert som EE-avfall (elektrisk og elektronisk avfall) dersom det skal kasserast. Ofte er slike produkt merkte med ein overkryssa avfallsbehaldar, som betyr at produktet ikkje skal kastast saman med restavfallet.
Mykje avfall med øydelagde berbare PC-ar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Produkta som blir kasta i EE-avfallet, bør vere heile når dei blir leverte, og produkta må lagrast og transporterast slik at dei ikkje blir skadde eller knuste. Det er vanleg å bruke konteinarar eller pallebur.

Ved innlevering blir EE-avfall sortert i fem ulike typar:

  1. lysrøyr

  2. andre lyskjelder

  3. kablar og leidningar

  4. småelektronikk

  5. større elektriske produkt

Ein kan levere EE-avfall gratis til forhandlarar som sel tilsvarande produkt. Alle butikkar som sel datamaskinar, mobilar eller annan elektronikk, er pliktige til å ta imot elektronisk avfall viss du tek det med til dei. Ein skal absolutt ikkje kaste elektrisk og elektronisk avfall i restavfallet.

Alle bedrifter kan levere EE-avfall gratis til mottak som har avtale med eit godkjent returselskap.

Handtering av EE-avfall er nærare beskrive i lovverket.

Kjelder

Sortere. (u.å.) Elektrisk og elektronisk avfall. Henta 5. desember 2022 frå https://sortere.no/bedrift/avfallstype/30/elektrisk%20og%20elektronisk%20avfall/

Ungenergi. (2021, 15. juni). Hvorfor gjenvinne ødelagt elektronikk. Henta 5. desember 2022 frå https://ungenergi.no/miljo-klima-samfunn/deg-meg-miljoet/hvorfor-gjenvinne-odelagt-elektronikk/


CC BY-SASkrive av Fred Berglyd.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2022

Læringsressursar

Elektroavfall