Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor resirkulere elektronisk avfall?

I Noreg er vi på verdstoppen når det gjeld å bruke og kaste elektronikk. Det har enorme konsekvensar for miljøet. I denne filmen blir vi utfordra til å reflektere over eige forbruk, og vi lærer korleis og kvifor vi resirkulerer elektronikk.

Ønsker du å arbeide med refleksjonsoppgåver til filmen, har LOOP miljøskole laga eit fint opplegg.

Kva skjer med mobilen din viss du kastar han? Kvart år skiftar utruleg mange ut smarttelefonen eller PC-en i byte mot ein nyare modell, noko som har ført til ein auke i mengda elektronisk avfall. Desse elektroniske apparata inneheld store mengder ressursar, og enkelte av dei er sjeldne og farlege.

Dessverre er det ikkje alltid slik at det elektroniske avfallet blir behandla som det burde. Mykje elektronisk avfall blir i dag handtert svært dårleg, noko som fører til fare for menneska som er involverte, og tap av sjeldne metall. Vi skal her sjå litt nærare på kvifor mykje av dette avfallet ikkje blir behandla på ein fornuftig måte, og grunnen til at ein bør gjenvinne øydelagd elektronikk.

Baselkonvensjonen

Det har tidlegare vore svært lite kontroll på korleis elektronisk avfall skal behandlast, men i 1992 kom ei endring. Ein internasjonal avtale kalla Baselkonvensjonen tredde i kraft og sette krav til korleis medlemslanda skulle handtere elektronisk avfall. Mellom anna la avtalen avgrensingar på eksport av elektronisk avfall frå medlemslanda, slik at mange land vart nøydde til å behandle sitt eige avfall. I dag (siste tal frå 2018) blir avtalen støtta av 187 land. Han blir derfor rekna som den viktigaste avtalen for gjenvinning av elektronisk avfall globalt.

Batteri i alle storleikar og fargar. Foto.

Trass i Baselkonvensjonen er elektronisk avfall eit stort problem i dag. EU-parlamentet har berekna at over 50 prosent av det elektroniske avfallet som blir produsert i Europa, ikkje blir handtert på ein forsvarleg måte. Mykje av dette avfallet blir eksportert til utviklingsland, noko som bryt med Baselkonvensjonen og EUs eigne forskrifter. Utanfor EU er det også fleire land som ikkje har anerkjent Baselkonvensjonen, mellom anna USA, og derfor ikkje er underlagde nokon globale reguleringar for behandling og eksport av elektronisk avfall. United States Environmental Protection Agency registrerte i 2009 at berre 25 prosent av TV-ar, PC-ar og kopimaskiner som vart kasta i USA, vart sende inn til gjenvinning. Av dei resterande 75 prosenta hamna mesteparten på søppelfyllingar der dei ikkje kan gjenvinnast, og der farlege stoff kan leke ut i naturen.

Fleire selskap i utviklingsland ser det som ei inntektskjelde å ta imot øydelagd elektronikk. Viss ein gjer prosessen så billig som mogleg og berre prioriterer dei mest lukrative delane, vil gjenvinninga bli svært lønnsam. Denne logikken fører til eit system der sjeldne, verdifulle metall går tapt, store mengder farlege stoff blir sleppte ut i naturen, og arbeidarar jobbar med farlege stoff utan å ha skikkeleg tryggingsutstyr.

Leidningar i ulike fargar ligg i ugras. Foto.

I Noreg har vi eit relativt godt system for gjenvinning av elektronisk avfall. Når du kjøper eit elektronisk produkt, går ein del av pengane til å sørge for at elektronikk i landet blir gjenvunne. Det blir sendt svært lite til utviklingsland, og den gjenvunne elektronikken blir heller behandla i Europa på eit berekraftig vis.

Kjelder

UngEnergi. (2021, 15. juni). Hvorfor gjenvinne ødelagt elektronikk. https://ungenergi.no/miljo-klima-samfunn/deg-meg-miljoet/hvorfor-gjenvinne-odelagt-elektronikk/

LOOP Miljøskole. (u.å.). Hvorfor resirkulere elektronikk? Henta 5. desember 2022 frå https://miljoskole.loop.no/ressurser/hvorfor-resirkulere-elektronikk/

CC BY-SASkrive av Fred Berglyd og Ungenergi.no.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2022

Læringsressursar

Elektroavfall