Hopp til innhald

Fagstoff

Faseforskyving i vekselspenningskretsar

I likestraumskretsar kan vi rekne ut effekten i kretsen med formelen P = U · I. Gjeld dette òg i vekselstraumkretsar?
Bilete viser ei trefasa asynkronmotor som har grøn farge. Foto.

Innleiing

Vi skal kople ein elektromotor til nettspenninga, som er ei vekselspenning på 230 V. For å ha full kontroll koplar vi inn eit voltmeter i parallell over motoren, eit amperemeter i serie med motoren og eit wattmeter som måler den elektriske effekten. Instrumenta viser følgjande:

  • Voltmeteret viser 230 V, som er rimeleg.
  • Amperemeteret viser 3,4 A.
  • Wattmeteret viser 633 W.

🤔 Tenk over: Korleis stemmer målingane med effektformelen  P=UI?

Forklaring

P=U·I=230 V·3,4 A=782 W.

Dette stemmer dårleg med effektmålinga.

🤔 Tenk over: Kan du gjette på kvifor effektformelen tilsynelatande ikkje stemmer her?

Forklaring

Straumen I er faseforskyvd i høve til spenninga U!

Faseforskyving

Nettspenninga i ein bustad

Viss vi lagar ei grafisk framstilling av korleis nettspenninga U på 230 V varierer med tida, vil det sjå ut som på figuren nedanfor.

Koordinatsystem med bølgjeforma spenningsvariasjon der toppen er på ca. 325 V og botnen på minus 325 V. Effektivverdien på 230 V er markert med ei vassrett, stipla linje. Bølgjemønsteret gjentek seg kvart 0,02 sekund. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Figuren viser korleis spenninga U varierer med tida tx-aksen. Spenninga svingar frå positiv verdi til negativ verdi og tilbake att. Når ho har gjort det, seier vi at spenninga har gjennomført ei heil svinging.

🤔 Tenk over: Kor lang tid tek det for spenninga å gjennomføre ei heil svinging?

Svar

Ei heil svinging er tida det tek å kome tilbake til same svingetilstand, til dømes der spenningskurva kryssar x-aksen og er på veg oppover.

Ei heil svinging tek 0,02 sekund.

🤔 Tenk over: Kor mange svingingar blir det i løpet av eitt sekund? Kva kallar vi dette talet?

Forklaring

Vi må finne ut kor mange gonger 0,02 sekund går opp i 1 sekund. Det finn vi ved å rekne ut

10,02=50

Vi har altså 50 svingingar per sekund, eller 50 Hz (hertz), som vi veit frå før at nettspenninga svingar med. Vi seier òg at frekvensen på nettspenninga er 50 Hz, sidan frekvens er definert som talet på svingingar per tidseining (eller talet på av noko anna per tidseining).

🤔 Tenk over: Kvifor er toppunktet på spenningskurva på ca. 325 V og ikkje på 230 V?

Forklaring

Toppunktet på spenningskurva er eigentleg ikkje eit godt mål på spenninga, sidan ho svingar. Når vi til vanleg oppgir ei vekselspenning til 230 V, oppgir vi den såkalla effektivverdien av spenninga. Effektivverdien til spenninga finn vi ved å dele toppunktet/maksspenninga på rota av 2.

Kontroller med ein kalkulator at ei maksspenning på 325 V gir ein effektivverdi på 230 V.

Det er effektivverdiane av straum og spenning vi må bruke når vi skal bruke formelen  P=U·I  for elektrisk effekt. Heldigvis er voltmeter og amperemeter slik at dei alltid måler effektivverdiar, og i den vidare framstillinga bruker vi berre effektivverdiar. Dersom vi skal sjå spenningskurva slik som på biletet over, må vi bruke eit oscilloskop.

Straumen i ein krets med resistive belastningar

Når vi i ein straumkrets berre har kopla til resistive belastningar som ohmske motstandar, vil straumen alltid vere størst når spenninga er størst, det vil seie at dei svingar i fase (sjå nedanfor).

Koordinatsystem med to bølgjeforma kurver, éi for spenning og éi for straum. Begge kurvene har topp samtidig og botn samtidig. Bølgjemønsteret gjentek seg kvart 0,02 sekund. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her har vi teikna straumkurva i same diagram som spenningskurva, så hugs at høgda på kurvene ikkje speler noka rolle akkurat her. Poenget no er at når spenninga til dømes har eit toppunkt, har òg straumen toppunkt. Det same gjeld for botnpunkt og nullpunkt.

Sjølvinduksjon og straumen i ein krets med induktive komponentar

Grøn asynkronmotor som er skoren i slik at ein ser eit tverrsnitt av innsida. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein elektromotor er ikkje ein rein, ohmsk (eller resistiv) motstand. Her er straumleidningar vikla rundt tett i tett i såkalla spolar. Alle leidningar det går straum i, set opp eit magnetfelt. I ein spole blir dette magnetfeltet kraftig forsterka sidan leidninga er vikla rundt slik at vi får mange leidningar tett saman. Når straumen i ein spole blir forsøkt endra, vil magnetfeltet i spolen endre seg, og dette set opp ei motspenning som hindrar straumen i å auke så raskt som han normalt ville ha gjort. Dette kallar vi sjølvinduksjon.

Sjølvinduksjonen gjer at når vekselspenninga er stigande og passerer toppunktet, bruker straumen litt tid før han når toppen i forhold til spenninga. Straumen vil derfor få den største verdien sin når spenninga har passert toppunktet og er på veg ned att. Straumen blir «hengande etter», og vi seier at han er faseforskyvd i høve til spenninga. Ein elektromotor er eit døme på ein såkalla induktiv komponent, fordi straumen er faseforskyvd slik at han blir liggjande etter spenninga.

Faseforskyving i ein krets med vekselspenning har vi når straumen og spenninga ikkje har toppunkt samtidig.

I figuren nedanfor er straumen faseforskyvd ca. 0,002 sekund etter spenninga. Straumen når altså toppunktet ca. 0,002 sekund etter at spenninga har nådd toppen.

Koordinatsystem med to bølgjeforma kurver, éi for spenning og éi for straum. Kurvene er faseforskyvde i høve til kvarandre, dei har topp samtidig og botn samtidig. Kurva for straum når toppunktet 0,002 s etter at spenningskurva har vore på toppen. Bølgjemønsteret gjentek seg kvart 0,02 sekund. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omtrent slik kan straumen og spenninga sjå ut når vi koplar ein elektromotor til nettspenninga.

På sida «Elektrisk effekt ved faseforskyving» ser vi på kva slags betydning ei slik faseforskyving i ein elektrisk krets har for den elektriske effekten i kretsen.

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2024

Læringsressursar

Motorberekning