Hopp til innhald

Fagstoff

Kompositt

Komposittmateriale eller kompositt er ei samlenemning for blandingsmateriale der ein utnyttar dei gode eigenskapane til kvar del.
Nærbilete av glassfiberstenger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Typar kompositt

  • Armert betong, som er det mest brukte komposittet
  • Blanding av glasfiber og herdeplast, der ein utnyttar moglegheita plasten har til å forme seg, og det at glaset er stivt og sterkt
  • Karbonfiber
  • Naturfiber, som er ei spesiell fibergruppe som er teken i bruk igjen industrielt og er etter kvart mykje brukte i for eksempel panel i bilindustrien.

Plastkompositt

Eit kompositt består av ein eller fleire kontinuerlege eller diskontinuerlege fibrar (armering) innbakte i ein fase (plast) kalla matrise.

Nærbilete av korrosjonsresistent fiberglas. Foto.

Glasfiber er eit materiale som blir smelta og forma til ekstremt fine fibrar (glastrådar eller smelta sand) med ei tjukn på mellom 0,001 og 0,1 mm. Før samansetjing (veving) blir dei prima med ein primar som legg seg rundt fibrane slik at dei ikkje brekker.
Glasfiber er mykje brukt til å produsere tekstilar, for eksempel matter. Den blir òg brukt i plastprodukt der ein oppnår eit samansett og ikkje minst avstiva materiale kjent som GAP (glasfiberarmert plast) eller som GRP av det engelske "glass-reinforced plastic". Ein har dei siste åra gått over til å kalle materialet GUP (glasfiberarmert umetta polyester).

I midten av 60-åra blei det vanleg å produsere båtar i glasfiber. Det blei brukt epoxy herdeplast som blei stroke inn i glasfibervev. Ei støypeform som bestemte forma på utsida av båten, blei brukt til mange båtar. Det blei mogleg å lage båtar med former som ikkje likna på dei tidlegare trebåtane.

Gode grunnar til å bruke kompositt


  • låg vekt
  • høg styrke i forhold til vekta
  • stor stivleik i forhold til vekta
  • utmerkt korrosjonshaldbarheit
  • gode utmattingseigenskapar
  • kan skreddarsyast til riktige materialeigenskapar

Bruk av kompositt

Rakett på tur opp i atmosfæren. Foto.
  • Fly- og romfartsindustrien: space shuttle, vengjer, høgd- og sideror, golv i fly og helikopter og luftinntak
  • Bilindustrien: drivakslingar, karosseri, støytfangarar oginnvendige detaljar
  • Marine bruksområde: båtskrog, propellakslingar, propellblad,overbygg
  • Sport- og fritid: tennisracketar, golfkøller, sykkelrammer og hjul, ski og skistavar
  • Offshore: røyr, tankar og vernetrukturar
  • Deksler på ulike verktøy og maskinar er òg ofte laga av kompositte materiale.

Lenke til film frå NASA om kompositte material.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2019

Læringsressursar

Kompositte materiale