Hopp til innhald

Fagstoff

Overflatebehandling og korrosjon

Vi overflatebehandlar produkt i forskjellige typar metall og tre for å oppnå vern og/eller ei varig og fin overflate.

Korrosjon

Ordet korrosjon kjem av det latinske ordet corrodere, som betyr "å gnage sund" eller "tære på".

Korrosjon blir definert som "angrep på eit materiale gjennom kjemiske, ofte elektrokjemiske, reaksjonar med omgivnadene". Det inneber at andre materiale enn metall, for eksempel betong, glas og plast, kan bli utsette for korrosjon.

Korrosjon, som vi kjenner det, og slik vi skal omtale det her, er at metalliske materiale reagerer med oksygen og vatn eller andre stoff som er i omgivnadene, og dannar ei kjemisk sambinding. Denne sambindinga kjenner vi som rust, irr og misfarging på ulike metall.

Rur og rust på ei overflate. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor vedkjem korrosjon oss?

Tidlegare var det ikkje nødvendig å leggje like mykje vekt på korrosjon som det vi må gjere i dag. Maskinar og konstruksjonar var vanlegvis kraftigare dimensjonerte og meir robuste. Den tekniske utviklinga har gjort det mogleg å lage meir komplekse konstruksjonar og avansert utstyr. Eit viktig bidrag til dette er at det er mogleg å dimensjonere meir riktig ved hjelp av avanserte dataprogram. Strengare krav til materialutnytting og økonomi er òg faktorar.

Dette har ført til at moderne konstruksjonar har mindre marginar når det gjeld korrosjon. Vi kan for eksempel tenkje oss kva konsekvensane vil vere dersom ein bygningskran kollapsar i eit tettbygd strøk, eller dersom korrosjon i ein røyrleidning fører til eit kjernefysisk utslepp.

Overflatebehandling

Overflatebehandling har blitt viktigare i takt med den industrielle utviklinga. Store konstruksjonar av metall treng effektivt korrosjonsvern for å unngå at det seinare oppstår store reparasjonskostnader og mogleg fare for liv og helse. Overflatebehandling er særleg viktig for verkstadindustrien og oljeindustrien.

Kvifor overflatebehandle

  • teknisk (mekanisk slitasje)
  • korrosjon
  • tryggleik
  • drifttryggleik
  • økonomi
  • dekorativt

Bedrifter som driv med overflatebehandling, er brukarar av mange ulike typar kjemikalium. Desse kjemikalia kan vere skadelege for miljø og helse. Derfor er det viktig at alle som arbeider med slike prosessar, retter seg etter regelverket og sørgjer for at oppdaterte tryggleiksdatablad er tilgjengelege.

Les meir om HMT - Datablad.

Metallisering

Ved å dekkje eit metall med eit belegg av eit anna metall kan vi oppnå eit godt korrosjonsvern og i tillegg ei varig, fin overflate med ønskte eigenskapar, for eksempel når det gjeld friksjon og slitasje.

Metallisering blir hovudsakleg utført med tre ulike metodar:

  • elektrolyttisk belegging
  • sprøyting
  • varmdypping

Belegget kan vere av fleire ulike metall, for eksempel:

  • kopar
  • nikkel
  • krom
  • sink
  • bly
  • tinn

Eloksering

Ved eloksering, eller anodisering, blir overflata på metallet forvandla til eit oksidbelegg ved hjelp av elektrolyse.

Dette er ein elektrokjemisk prosess som stabiliserer metallet mot vidare oksidering og korrosjon. Vi får òg ei glattare og hardare overflate. Oksidsjiktet kan i tillegg fargast ved at det blir tilsett fargepigment i elektrolysebadet.

Anodisering i svovelsyre er den vanlegaste forma for eloksering brukt for dekorative formål. Aluminiumprofilane eller -platene blir dyppa i eit elektrolysebad med svovelsyre. Godset som skal vernast, blir kopla som anode. Bly eller aluminium blir brukte som katode.

Temperaturen som blir nytta ved prosessen, bestemmer kvaliteten på oksidbelegget. Låg temperatur er best, fordi det blir minst porer. Men ønskjer ein å lakkere og farge overflata etterpå, kan porene vere ein fordel, for målinga fester seg betre til underlaget.

Det er organisk pigmentfarge som blir brukt når porene skal fyllast etterpå. Då kan ein velje og vrake i fargar.

Den mest varige fargen lagar vi direkte under anodiseringa ved å velje syrer som gir ein bestemt mineralsk oksidfarge. Fargeutvalet er derimot svært avgrensa her.

Vel vi å leggje fargen på elektrolytisk, kan vi velje i nyansar i brunt, frå champagne til svart. Beleggtjukna varierer frå 3/1000 mm og nedover.

Måling

Rusthindrande måling er den vanlegaste forma for korrosjonsvern. Eit målingssystem består av:

  • grunningsmåling
  • dekkmåling

Målinga består for det meste av bindemiddel, pigment, løysemiddel og tynningsmiddel.

Målingsrull med gul måling på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grunningsmålinga inneheld bindemiddel som bind pigmenta til underlaget og gir god heft for dekkmålinga. Ho kan i tillegg innehalde såkalla aktive pigment eller korrosjonsinhibitorar. Dette kan for eksempel vere sinkpulver, som gir eit katodisk vern mot korrosjon.

Hovudoppgåva til dekkmålinga er å verne overflata mot inntrenging av vatn, smuss og sollys og mot mekanisk slitasje.

Før måling er det viktig at overflata er avfeitta og reingjord for korrosjon. Ein kan gjerne bruke blåsereinsing fordi overflata blir meir ru og gir betre feste for målinga.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2018

Læringsressursar

Kompositte materiale