Hopp til innhald

Fagstoff

Lov- og regelverk

Som kokk eller servitør må du kjenne til lover og reglar som gjeld for arbeidet du utfører.
Det norske riksvåpenet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ei lov?

Ei lov er den viktigaste rettskjelda når ein skal løyse tvistar eller dømme ved straffbare forhold. Med tvist meiner vi usemje eller uklarleik. Det er Stortinget som vedtek lover.

Domstolane nyttar lovene. Det er tingretten som dømmer i både sivile saker og straffesaker. Ein dom i tingretten kan ankast til lagmannsretten eller Høgsterett. Du kan lese meir om dette på sidene til samfunnsfag.

Kva er ei forskrift?

Lover er som regel ganske generelle. Derfor overlèt Stortinget til forvaltningsapparatet å utdjupe innhaldet i ei lov. Forvaltningsapparatet kan vere eit departement eller eit direktorat. Mange av forskriftene du møter som fagarbeidar, kjem frå Kunnskapsdepartementet. Andre kjem frå Helsedirektoratet.

Ei forskrift inneheld utfyllande reglar knytte til teksten i sjølve lova. I praktisk arbeid nyttar vi gjerne forskrifta når vi skal finne ut kva reglar som gjeld. Alle forskrifter høyrer til ei lov. Vi seier at forskrifta er heimla i lova.

Lovdata

Alle lover og forskrifter som gjeld i Noreg, er tilgjengelege på Lovdata.no.

Desse sidene blir oppdaterte kvar gong regelverket blir endra eller nye reglar blir vedtekne. På lovdata.no finn du òg informasjon om korleis lovverket blir nytta i rettssaker.

Under Aktuelle lover kan du slå opp i dei lovene du har behov for å kunne litt meir om. Her finn du korte forklaringar til lovene. Dersom du vil kjenne lovene godt, må du gå til lovdata.no.

Utfordringar til deg

  1. Kva er ei lov?
  2. Kva er ei forskrift?
CC BY-SASkrive av Knut Kjartan Tørum.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2021

Læringsressursar

Lover og reglar