Hopp til innhald

Fagstoff

Serveringslova

For å kunne drive ein serveringsstad må du ha serveringsløyve. Kva som blir rekna som ein serveringsstad, blir definert av lov om serveringsvirksomhet (serveringslova). Det er kommunen som gir serveringsløyve.
Servitør serverer vin til eit par. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etablerarprøve

Serveringslova gjeld etablering og drift av alle serveringsstader der det går føre seg servering av mat og/eller drikke, og der forholda ligg til rette for fortæring på staden (§ 2).

For å få serveringsløyve må dagleg leiar i verksemda vere myndig og ha gjennomført ei etablerarprøve.

Etablerarprøva omfattar mellom anna at ein må ha kunnskap om lover og forskrifter som gjeld serveringsstader, og kjennskap til rutinar for innrapportering av skatt, meirverdiavgift og så vidare.

Uklanderleg vandel

For å få serveringsløyve må du ha vist det som blir kalla "uklanderleg vandel". Du må med andre ord ha ein vandelsattest. Dette gjeld dagleg leiar, løyvehavar og andre personar som har vesentleg innverknad på verksemda. Kva som er uklanderleg vandel i denne samanhengen, kjem fram av krava til vandel i serveringslova § 6.

Kommunen undersøkjer om du tilfredsstiller krava, og kan òg få informasjon frå skattestyresmaktene, Mattilsynet, Likestillings- og diskrimineringsombodet og andre.

Ein person som har gjort seg skuldig i lovbrot som "ikkje er i samsvar med drift av serveringsstad", oppfyller altså ikkje kravet til uklanderleg vandel. Det kan vere brot på til dømes straffelova, skattelova, rekneskapslova eller diskrimineringslova.

Dersom krava til uklanderleg vandel ikkje lenger er oppfylte, kan kommunen trekkje tilbake løyvet. Kommunen kan òg stengje verksemda i kortare eller lengre tid, til dømes for å hindre eller stanse lovbrot.

Opningstider

Det er kommunen som bestemmer opningstidene, og serveringsstaden må følgje dei opningstidene kommunen har bestemt. Mange kommunar har vedteke eigne forskrifter om opningstider. Dagleg leiar har ansvar for at opningstidene blir overhaldne.

Føremålet med lova (§ 1)

"Lovens formål er å sikre forsvarlig drift av serveringssteder av hensyn til næringen, gjestene og samfunnet for øvrig. Loven skal bidra til å gi serveringssteder stabile og forutsigbare rammevilkår og til å hindre illojal konkurranse."

Relatert innhald

CC BY-SARettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 27.05.2021

Læringsressursar

Lover og reglar