Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bli kjend med friluftslova

Friluftslova og allemannsretten er lovverk som seier at du har rett til å ferdast ute i naturen, men det er nokre reglar du må følgje.
Modne molter i framgrunnen. Bak er det eit tjern, og på den andre sida ser vi ein person som plukkar molter på myra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I lover og forskrifter for barnehagar, skule, SFO, fritidsklubbar og bustader ligg det føringar for at du skal leggje til rette for at barn og unge får moglegheit til å oppleve og bruke naturen. I den samanhengen er det viktig at du har kunnskap om friluftsliv og kva friluftslova seier. I tillegg må du ha kunnskap om allemannsretten, dette er skrive ned i friluftslova.

Oppgåver

  1. Definer omgrepet friluftsliv.
  2. Kva er føremålet med friluftslova?
  3. Kva blir meint med allemannsretten?
  4. Kvar kan ein drive med friluftsliv?
  5. Korleis skal du oppføre deg i naturen?
  6. Lag ein kollasj som viser kva du har lov til å gjere i naturen.
  7. Kva blir utvikla og fremja hos barn og unge når dei ferdast i naturen? Lag ei liste og grunngi punkta du tek med.
  8. Planlegg ein friluftsaktivitet som du kan gjennomføre med ei gruppe barnehagebarn eller skulebarn. Vel aldersgruppe sjølv. Prøv ut aktiviteten med klassen din.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2020

Læringsressursar

Lover og reglar i oppvekstsektoren