Hopp til innhald

Fagstoff

Teieplikt og opplysingsplikt

Alle som jobbar med barn og unge, har teieplikt. I visse tilfelle blir teieplikta oppheva og du er pålagd å gi frå deg opplysingar om barn og unge.
Ei ung jente sit med hendene framfor ansiktet, ho ser lei seg ut. Ho sit saman med ei vaksen kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teieplikt som barne- og ungdomsarbeidar

For deg som barne- og ungdomsarbeidar er du underlagd teieplikta i forvaltningslova § 13. Teieplikta inneber at vi har ei plikt til å hindre at andre får kjennskap til opplysingar om dei personlege forhold til nokon og enkelte drifts- og forretningsforhold.

Det kan vere informasjon om livssituasjonen til barn og unge, livssituasjonen til føresette, sjukdommar, funksjonsnedsetjingar, utviklinga til barnet og evnar og/eller andre personlege delar av livet til barn og unge.

Brot på teieplikta

Når du er i praksis, skal du òg skrive under på ei teieerklæring. Her stadfestar du overfor arbeidsplassen din at du har forstått kva teieplikta inneber, og kva konsekvensane av å bryte ho er.

Brot på teieplikta kan gi opptil tre års fengsel avhengig av kor alvorleg brotet er. Dersom du jobbar med ungdommar over 18 år, har du teieplikt overfor til føresette til ungdommane. Teieplikta gjeld òg etter at du har avslutta tenesta eller arbeidet.

Merksemdsplikt

Tilsette i barnehagar, skular/SFO, fritidsklubb og bustader for barn og unge har både ei merksemdsplikt og ei opplysingsplikt. Merksemdsplikta handlar om at du i det daglege arbeidet er pålagt å vere merksam på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta.

Merksemdsplikta i seg sjølv utløyser verken ein rett eller ei plikt til å gi opplysingar til barnevernstenesta. Når personalet er merksame, kan dei oppdage forhold som kan utløyse opplysingsplikta. For at tilsette skal kunne oppfylle plikta dei har til å vere på vakt, er det ein føresetnad at dei har kunnskap om kva situasjonar som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta, og kva situasjonar som er så alvorlege at plikta til å melde frå blir utløyst.

Opplysingsplikt

Opplysingsplikta til barnevernstenesta trer inn i dei mest alvorlege tilfella: når tilsette har grunn til å tru at eit barn eller ungdom blir mishandla i heimen, når det finst andre former for alvorleg omsorgssvikt, når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, eller når det er fare for utnytting av eit barn til menneskehandel.

Opplysingsplikta gjeld for alle som er tilsette ved barnehagar, skule, SFO og bustader. Leiinga må gjere alle tilsette, òg vikarar, kjende med opplysingsplikta. Det er viktig å merke seg at opplysingsplikta er pålagd den enkelte tilsette og ikkje institusjonen i seg sjølve. Dei fleste institusjonar har klare rutinar på korleis opplysingane skal formidlast til barnevernstenesta, og at opplysingane blir formidla av leiinga. Men sjølv om leiinga har klare rutinar, har du eit sjølvstendig ansvar for å formidle opplysingane til barnevernstenesta viss leiinga ikkje er samd eller ikkje vidareformidlar viktige opplysingar.

Utfordringar til deg

  1. Kva ville du ha gjort dersom eit barn eller ungdom kom til deg og sa han/ho hadde ein løyndom, men at du måtte love å ikkje fortelje han vidare?
  2. Sjå filmane som Ungdom og fritid har laga om hovudreglane for teieplikta og unntak frå teieplikt som ligg i relaterte artiklar nedst på sida, og lag ei oppsummering av dei.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2012, 27. september). Skolepersonalets opplysningsplikt til barnevernstjenesten Udir-10-2012. https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/ovrige-tema/udir-10-2012/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020

Læringsressursar

Lover og reglar i oppvekstsektoren