Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bli kjend med rammeplanen for barnehagen

Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver er ei forskrift til barnehagelova. Ho gir detaljerte skildringar av innhaldet i barnehagen og kva personalet i barnehagen må gjere for å oppfylle lovkrava.
Mange barn leiker ute i ein barnehage. Nokon leiker i sandkassa, nokon andre huskar, og nokon gjer andre ting. Det er sol, og mange av barna er i skuggen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskrift til barnehagelova

Barnehagelova og forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver er viktig lovverk som du som barne- og ungdomsarbeidar må arbeide i tråd med i barnehagen. Rammeplanen inneheld meir detaljerte skildringar for arbeidet i barnehagen, slik at drifta følgjer føresegnene i barnehagelova.

Oppgåver

I desse oppgåvane vil du bli kjend med noko av innhaldet i rammeplanen for barnehagen. Bruk rammeplanen når du svarer på spørsmåla.

  1. Kva er verdigrunnlaget til barnehagen?
  2. Kva ansvar har styraren i barnehagen?
  3. Kva ansvar har pedagogisk leiar i barnehagen?
  4. Kva må personalet gjere for at barnehagen skal ta vare på behovet til barn for omsorg?
  5. Kva må personalet gjere for at barnehagen skal ta vare på behovet til barn for leik?
  6. Kva må personalet gjere for at barnehagen skal fremje danning?
  7. Kva må personalet gjere for at barnehagen skal fremje læring?
  8. Kva må personalet gjere for at barnehagen skal fremje venskap og fellesskap?
  9. Kva må personalet gjere for at barnehagen skal fremje kommunikasjon og språk?
  10. Kva skal planlegging bidra til?
  11. Kva må planlegginga vere basert på?
  12. Kva skal årsplanen gi informasjon om?
  13. Kva er vurdering, og kva er hovudmålet med vurderingsarbeid?
  14. Kva er føremålet med dokumentasjon i barnehagen?
  15. Kva skal personalet gjere ved val av arbeidsmåtar?
  16. Kva skal personalet gjere i arbeid med digital praksis?
  17. Kva er dei ulike fagområda i barnehagen?
  18. Kva skal dei ulike fagområda bidra til for barna?
  19. Vel deg to fagområde. Kva kan personalet gjere for å leggje til rette for arbeid med desse fagområda? Diskuter deretter med ein medelev som har valt andre fagområde.
  20. Diskuter med ein medelev eller i klassen kva rammeplanen vil ha å seie for arbeidet dykkar som barne- og ungdomsarbeidarar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2020

Læringsressursar

Lover og reglar i oppvekstsektoren