Hopp til innhald

Fagstoff

Katodisk vern

Katodisk vern er ein type korrosjonsvern som først og fremst blir brukt ved stålkonstruksjonar som er gravne ned i jord eller nedsenka i vatn.

Kva er katodisk vern?

Eit kraftig røyr med to metalleidningar. Leidningsendene er lodda på røyret, mens resten av leidningane er isolert med plast.

I ei (korrosjonscelle) vil stål korrodere når det blir kopla til eit meir edelt materiale. Viss stålet derimot er kopla til eit materiale som er mindre edelt, vil straumretninga endrast. Då vil det mindre edle materialet korrodere. Stålet vil bli verna mot korrosjon. Det mindre edle materialet vil fungere som såkalla .

Prinsippet som ligg bak, er tilførsel av elektron til basismaterialet. Dette gjer vi anten ved å kople strukturen til meir aktivt materiale (bruk av offeranode), eller ved å kople strukturen til ei ekstern kjelde til elektron (straumkjelde).

Begge systema leverer elektron til strukturen. Strukturen vil bli meir edel, og metalloppløysing (korrosjon) av strukturen vil bli forhindra.

Bruksområde

Katodisk vern har mange bruksområde, men det blir i hovudsak nytta på konstruksjonar som er plasserte i svært fuktig jord eller i vatn. Det kan ikkje brukast til å hindre . Døme på bruksområde kan vere

  • skip

  • offshoreplattformer og -riggar

  • undervassinstallasjonar

  • undersjøiske røyrleidningar

  • hamneanlegg

  • lagertankar

  • nedgravne tankar og røyrleidningar på land

Katodisk vern som tilleggsvern

Katodisk vern kan òg brukast som eit tilleggsvern ved sida av overflatebehandling med måling.

Hand som målar ein stålbjelke med rulle. Målinga har brunraud farge. Foto.

Inga overflatebehandling med måling er 100 % perfekt. Det vil alltid finnast svake punkt, til dømes ulik tjukkleik på målingslaget, hol og .

For nedsenka konstruksjonar og konstruksjonar som er vanskelege å inspisere, gir vedlikehald av overflatebehandlinga høge kostnader. Vi kan jo berre prøve å tenke oss kva det vil koste å måle beina på ei oljeplattform på nytt.

I slike tilfelle kan katodisk vern fungere som eit tilleggs- eller backupsystem for å verne konstruksjonen mot korrosjon.

CC BY-SARettshavar: FROSIO
Sist fagleg oppdatert 09.11.2023

Læringsressursar

Metall