Jern
Berre ein liten del av jernet som blir produsert, er reint metall i den forstand at det inneheld meir enn 99,9 prosent Fe. Resten av produksjonen gir det vi kallar råjern.
Dette er jern med varierande innhald av karbon og andre grunnstoff og er utgangsmaterialet for vidareforedling til stål og støypejern.
Omtrent 4,7 prosent av jordskorpa består av jern. Jern finst ikkje i rein form, men i form av oksid, som må behandlast for å bli reint jern.
Det meste av jernet som blir produsert i verda, blir framstilt ved reduksjon av jernoksid med karbon og karbonmonoksid.
Framstilling av jern skjer mellom anna i store masomnar, der jern blir produsert etter det såkalla motstraumsprinsippet.
Jern som blir tappa frå ein råjernsomn, har eit karboninnhald frå 3 til 4 prosent. I denne forma er jernet hardt og sprøtt. For å kunne omdanne dette til stål og eit materiale som kan omarbeidast, må karboninnhaldet reduserast til mindre enn 2 prosent.