Hopp til innhald
Film og filmklipp

Gjenbruk av brukte borerøyr

Gjenga i borerøyr blir skadde og slitne under boringa og når dei blir skrudde saman og frå kvarandre. Sjølv om gjenga er slitne, kan røyra brukast om igjen. Dei blir leverte til inspeksjon, og deretter blir det gjenga nye gjenge i endane.
Video: Hilde Gullhaug Hennes / CC BY-SA 4.0

Til ettertanke:

  • Kvifor blir det kutta nye gjenge i slitne borerøyr?

  • Kvifor blir det brukt ein gauge på gjenga?

  • Kva for ytre faktorar påverkar røyra slik at dei blir slitne?

  • Kva kan boredekksarbeidaren gjere for å redusere slitasjen og skadar på borerøyr?