Hopp til innhald

Fagstoff

Introduksjon CNC-dreiebenk

Før du får lov til å jobbe på ein CNC-styrt dreiebenk, må du gjennomføre ei dokumentert sikkerheitsopplæring. Opplæringa har ein teoretisk og ein praktisk del. Her kan du skaffe deg kunnskapane du treng for å bruke maskina på ein sikker måte.
CNC-styrt dreiebenk som har beteningsdisplay, nødstoppbrytar, vernedeksel og fotpedal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor treng du sikkerheitsopplæring?

Dreiebenken er ei stor maskin som kan vere farleg. Derfor må du kjenne til dei ulike risikomomenta, til HMS-krava og til verneinnretningane på maskina.

CNC-styrte maskiner utfører arbeidet etter ein kode, og du må til kvar tid vere merksam på korleis maskina beveger seg.

Gjennomføring

For å få sikkerheitsklarering må du gjennomføre ei teoretisk og praktisk opplæring. Du må bevise for læraren at du kjenner til risikomoment og nødvendig verneutstyr, og at du veit korleis verneinnretningane på maskina fungerer.

Når du har sett deg inn i den teoretiske delen, tek du kontakt med læraren din for ein praktisk demonstrasjon. Læraren avgjer så om du har tilstrekkeleg kompetanse til å betene maskina.

Framgangsmåte

  1. Gjennomfør den teoretiske opplæringa.

  2. Svar på kontrollspørsmåla til teoristoffet.

  3. Gjer deg kjend med CNC-dreiebenken de har på verkstaden.

  4. Skriv ut eigenerklæringsskjemaet som ligg på denne sida, og signer ho.

  5. Ta kontakt med læraren og lever skjemaet.

  6. Demonstrer for læraren at du også i praksis har kunnskapane og ferdigheitene som trengst for å betene maskina på ein sikker måte.

  7. Læraren vurderer deg og gir deg sikkerheitsklarering ved å signere på eigenerklæringsskjemaet ditt.

Filer

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2023

Læringsressursar

CNC-maskinering