Hopp til innhald

Fagstoff

Mikrometer

Mikrometer blir nytta der det trengst større målenøyaktigheit enn du får med skyvelæret, eksempelvis til oppmåling av lagerpassingar.

Det finst både mekaniske og digitale mikrometer. Det mekaniske mikrometeret har ei målenøyaktigheit på 1/100 mm = 0,01 mm. Med eit digitalt mikrometer kan vi lese målenøyaktigheit på 1/1000 mm = 0,001 mm.

Mikrometra finst for ulike måleområde og bruksområde, til dømes innvendig måling, utvendig måling og djupnemåling.

Praktisk bruk av mikrometret

Måletrommelen er inndelt i 50 delar. Ved ei omdreiing på friksjonsskruen flyttar vi skruen ei strekning som er lik stiginga på gjenget. Då aukar eller minskar vi målet med 0,5 mm.

Måletrommelen er oppdelt frå 1 til 50. Kvar del svarer til 1/100 mm. For å flytte måletrommelen 1 mm må vi dreie skruen to omdreiingar.

Hugs:

  • Mikrometer blir nytta når ein ønskjer nøyaktigheit på 1/100 mm.
  • Ver nøye med krafta du bruker på skruen bak på mikrometret.
  • Hugs å verne mikrometret mot støv og slag og så vidare.
  • Kontroller mikrometret med visse intervall.
Person som held og skrur på eit mikrometer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les meir om mikrometer hos fagteori.dk

CC BY-SASkrive av Industriskolen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2018

Læringsressursar

Måleverktøy på verkstaden