Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ekspertgrupper

I metoden ekspertgrupper skal elevane jobbe i grupper og setje seg inn i kvar sin del av eit større tema. Alle på gruppa må løyse sin del av oppgåva for at gruppa skal lære mest mogleg. Metoden blir òg kalla puslespelmetoden eller jigsaw.
Elevar i gruppearbeid rundt et bord med bøker på får hjelp av lærar. Foto.

Om å jobbe i ekspertgrupper

Metoden ekspertgrupper eignar seg godt å bruke når de skal samanfatte eit tema de har jobba med. Elevane jobbar i basisgrupper som til saman skal løyse ei større oppgåve. Gruppemedlemmane får kvar si oppgåve som dei skal fordjupe seg i og bli "ekspertar" på.

Det dei lærer i løpet av fordjupinga, skal dei dele og diskutere med dei andre på gruppa til slutt. Alle må gjere biten sin for at gruppa skal lære best mogleg!

Førebuingar for læraren

  • Del klassen i basisgrupper på fire til seks elevar.

  • Ta utgangspunkt i eit tema, og lag like mange oppgåver til temaet som det er elevar i gruppene.

  • Kvar elev får tildelt ei oppgåve slik at alle som er på same gruppe, har ulike oppgåver.

  • Lag oppsummeringsoppgåver som hjelper elevane å samanfatte temaet når dei skal dele og diskutere til slutt.

Tips!

Det er viktig at læraren styrer tida og gir beskjed om når ein går frå ein fase til ein annan. Det kan vere ein god idé å bruke ein digital tidtakar og vise denne med projektoren, slik at alle har oversikt over kor lang tid ein har i kvar fase.

Gjennomføring

Individuelt arbeid (20 minutt)

Jobb individuelt og fordjup deg i dei oppgitte kjeldene og svar på spørsmåla under temaet ditt. Bruk gjerne andre ressursar òg.

Ekspertgrupper (10 minutt)

Set dykk saman i ekspertgrupper og jobb saman i 10 minutt. Dei som har fordjupa seg i same tema, skal no sitje saman. Del det de har funne ut. Hjelp kvarandre til å forstå, og bli einige om kva som er viktigast. Førebu dykk på korleis de skal presentere temaet dykkar for basisgruppa.

Deling og diskusjon (15–20 minutt)

Set dykk tilbake i basisgruppene, og presenter for kvarandre det de har funne ut. Presenter i rett rekkefølge. Kvar ekspert får 3–4 minutt til å presentere.

Løys samansette oppgåver (20 minutt)

Til slutt jobbar de med oppgåver der de må bruke kunnskapane frå alle ekspertane på gruppa for å finne ei løysing.

I relatert innhald på denne sida kan de sjå døme på korleis denne metoden er brukt i ulike tema.

Kjelder

Social Psychology Network. (u.å.). The Jigsaw Classrom. Henta 17. januar 2023 frå https://www.jigsaw.org/#overview

TV 2 Skole. (u.å.). Ekspertgrupper eller ekspertpuslespill. Henta 17. januar 2023 frå https://www.elevkanalen.no/artikkel/openartikkel/99439

Relatert innhald

I denne oppgåva skal de utforske nokre sider ved temaet lungesjukdom.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2023

Læringsressursar

Elevaktive arbeidsformer