Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bone anatomy viewer

Korleis ser det ut inni ein knokkel? Er knoklar levande? Bli kjende med knoklane, kva som kjenneteiknar dei, og korleis dei er bygde opp, ved å bruke sag og skalpell!
Ein knokkel der eit felt av det ytste laget er skore ut og bretta til side. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om spelet

I dette spelet skal de bli betre kjende med knoklane ved å undersøke korleis dei er bygde opp. De skal studere ulike knoklar, ta prøvar av vev og celler og sage, skjere og skrape for å finne ut kva dei enkelte delane er.

Før de speler: Diskuter med kvarandre

  1. Kva oppgåve har knoklane i kroppen?

  2. Kva rolle speler knoklane når vi beveger oss?

  3. Ta utgangspunkt i grubleteikninga under: Er knoklar levande?

Ungdommar står samla rundt ein modell av eit skjelett og diskuterer om knoklar er levande. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Forklar kvifor de trur at knoklar er levande / ikkje er levande.

  • Kva er bevisa dykkar for det?

  • Korleis støttar bevisa forklaringa dykkar?

  • Korleis kan de bli endå sikrare?

  1. Finst det noko i kroppen vår som ikkje er levande?

  2. Kva er forskjellen på knoklar og negler og hår?

Slik speler de Bone anatomy viewer

Spelet består av to delar; éin del der de utforskar oppbygnaden til ein knokkel, og éin del der de skal finne att dei ulike delane på ein knokkel.

Verktøy i spelet

I spelet kan de bruke desse verktøya. Merk at de ikkje har tilgang på alle verktøya heile tida.

Explore the bone – undersøk knokkelen

Med dette valet kan de undersøke knoklar i dykkar eige tempo. Gjer dykk kjende med korleis ein knokkel er bygd opp, før de testar kva de har lært med Bone Parts ID Game.

Bone parts ID game – dei ulike delane på ein knokkel

Dette er eit spel der de skal kjenne att dei ulike delane som ein knokkel består av.

  • Still inn om de vil finne rett del ut frå namnet på delen (part name), ei skildring av delane (clue) eller begge delar.

    Tips! Den første gongen de speler, kan det vere lurt å stille inn slik at de får både namn og skildring.

  • For å finne rett del må de bruke verktøya som er tilgjengelege.

  • For å gjette på ein del må de velje Select før de klikkar på den delen de er på jakt etter.

  • Når de er ferdige, får de høve til å skrive ut alle delane med bilete og skildring.

Spel Bone anatomy viewer

Lenka fører til spelsida. Teksten er på engelsk. Viss de møter ord de ikkje kjenner til, kan de bruke ordlista under eller gjere eit søk på nettet.

Spelsida Bone anatomy viewer

Ordliste Bone anatomy viewer
Ordliste knokkelanatomi
engelsknorskskildring
diaphysisdiafysemidtstykket eller skaftet på ein røyrknokkel
epiphyseal growth plateepifyseskivaved enden av knokkelen finst ei skive som bidreg til at knokkelen veks
compact bonekompakt beinvevden delen av knokkelen der beinvevet er tettpakka, og dermed hardt

spongy bone

svampete beinvevden delen av knokkelen der beinvevet dannar nettverk med store holrom
veineveneblodåre som fraktar blod frå kroppen og inn til hjartet
blood vesselblodkaranna ord for blodårer

periosteum

beinhinnetynn hinne som dekker store delar av ein knokkel
canalkanalhole kanalar i dei røyrforma osteonane
osteonosteonrøyrforma byggestein i ein knokkel
bone marrowbeinmergfinst inni knoklane og består av stamceller til alle typar blodceller
osteocyteosteocyttden vanlegaste celletypen i ein knokkel
epiphysisepifyseendestykket på ein røyrknokkel
arteryarterieblodåre som fraktar blod frå hjartet og ut i kroppen

Etter at de har spelt

  • Finn ut kva ein meiner med beinmergsdonasjon.

  • Diskuter påstanden "Alt som veks er levande".

  • Finn ut kva ein meiner med beinskjørheit.

  • Knoklane sluttar å vekse i lengd når vi er 16–18 år. Kva skjer med knoklane etter dette?

  • Kva meiner vi med livsprosessar?

  • Kva livsprosessar kjenner de til?

  • Må alle livsprosessane vere til stades for at noko skal reknast som levande?

  • Samanlikn med det de diskuterte før de spelte. Kva tenker de no, er alle knoklar levande?

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.08.2022

Læringsressursar

Spel