Evolution – skap dine eigne skapningar
I dette spelet skal du bygge din eigen skapning ved å kople saman ledd, knoklar og musklar. Klarer du å skape ein ny skapning som kan gå, springe og hoppe?
Gjennom dette spelet kan du lære
korleis musklar og skjelett fungerer saman for å skape rørsle
korleis evolusjonsprosessar kan gå føre seg
Det du lærer i spelet, kan du bruke når du jobbar med livsprosessen rørsle i biologi.
Spelet er vanskeleg å bruke for personar med synshemming og fungerer ikkje med tastaturnavigering eller skjermlarer. Andre artiklar der du kan lære om korleis musklar og skjelett fungerer saman:
Bygg opp din eigen organisme ved hjelp av tre "byggesteinar": ledd, knoklar og musklar.
Start med å velje ledd (joint)
Ledda bruker du til å kople saman knoklane (bone).
Musklane må festast mellom to knoklar.
Når du trykker på Evolve, blir skapningen din sleppt laus, og evolusjonen startar ved hjelp av ein genetisk algoritme.
Du kan spele Evolution i nettlesaren eller laste det ned på PC eller Mac.
Kor langt klarer skapningen din å springe? Samanlikn med dei andre i klassen. Kanskje de vil arrangere ein konkurranse mellom alle dei nye skapningane i klassen?
Kva kjenneteiknar dei skapningane som klarer å springe lengst? Samanlikn med dyr som er kjende for å vere gode løparar. Kva finn de ut?
Samanlikn musklane i spelet med musklar i verkelegheita. Kommenter likskapar og forskjellar.
Kva oppgåve har musklane
i verkelegheita?
i denne simuleringa?
Kva er oppgåva til hjernen i denne simuleringa?
Kvifor heiter spelet "Evolution"? Forklar.
Å kunne bevege seg blir rekna som ein livsprosess, ein prosess som kjenneteiknar alle levande organismar. Finn døme som stadfestar dette. Klarer du å finne døme der dette ikkje stemmer?
Diskuter: Korleis kan ei slik simulering brukast til å utvikle robotar som liknar på menneske?