Samandrag – vaksinar og antibiotika
Alle organismar blir til kvar tid utsette for ulike smittestoff. Derfor har dei utvikla eit forsvar for å få bukt med patogene mikroorganismar:
Alle organismar har ulike barrierar som hindrar smittestoff i å komme inn i kroppen. Dette kallar vi eit uspesifikt forsvar.
Virveldyr har også eit spesifikt forsvar som blir aktivert viss eit smittestoff trenger gjennom barrierane i det uspesifikke forsvaret. Det spesifikke forsvaret bygger opp ein hær av celler som kjenner igjen og angrip spesifikke mikroorganismar. Kvar gong organismen går gjennom ein infeksjonssjukdom, blir det spesifikke forsvaret forsterka. Det gjer at det er rusta mot framtidige angrep. Når forsvaret "hugsar" eit smittestoff, blir det kalla immunitet.
I tilfelle der kroppen sitt eige forsvar ikkje klarer å angripe raskt nok, kan det vere behov for medisinar. Desse medisinane kan brukast til å førebygge og behandle virale og mikrobielle sjukdommar:
antibiotika
vaksinar
antiviralia
Antibiotika er ei samlenemning på giftstoff som hemmar vekst av prokaryote celler. Antibiotika blir brukte til førebygging og behandling av sjukdommar forårsaka av bakteriar, sopp og parasittar. Dei har ingen effekt på virus.
Verkemåte
Giftstoffa angrip strukturar eller mekanismar i prokaryote celler som ikkje finst i dei eukaryote cellene. På den måten kan antibiotika skade eller drepe prokaryote organismar utan å påverke vertsorganismen.
Ulike typar antibiotika
- Smalspektra antibiotika
- er antibiotika som kan svekke eller drepe berre nokre få artar av mikroorganismar.
- Breispektra antibiotika
- er antibiotika som svekker eller drep mange ulike artar av mikroorganismar samtidig.
Antibiotika dannar grunnlaget for det moderne helsevesenet, men er også viktig for næringslivet og oppdrettsnæringa.
Antibiotikaresistens
Når populasjonar som er følsame for antibiotika, blir utsette for giftstoffet, vil dei fleste døy, men ikkje alle. Dei som overlever, vil ha ulike eigenskapar som gjer at dei ikkje blir påverka av antibiotika. Dei har utvikla motstandsdyktigheit, såkalla antibiotikaresistens.
Konsekvensar av antibiotikaresistens
Sidan prokaryote organismar deler seg svært raskt, kan nye generasjonar med antibiotikaresistens oppstå så raskt at andre organismar ikkje rekk å utvikle forsvar mot dei. Då verkar ikkje lenger antibiotika, som i dag er vårt viktigaste våpen mot patogene mikroorganismar.
Ein vaksine er eit medikament som inneheld ei svekt utgåve av eller delar av ein mikroorganisme, og som blir brukt til å trene opp det spesifikke forsvaret.
Verkemåte
Det spesifikke forsvaret reagerer på ein vaksine på same måte som om organismen hadde blitt smitta av ein framand mikroorganisme. Men angrepet på kroppen er svakare enn ved naturleg sjukdom. Vaksinasjon gir immunitet utan at organismen først må bli sjuk.
Vaksinar kan brukast for å førebygge og hindre spreiing av både virale og mikrobielle sjukdommar hos virveldyr.
Vaksinar beskyttar på både individ- og populasjonsnivå
Vaksinar gir direkte beskyttelse mot ein spesifikk sjukdom, men kan også førebygge spreiing av smittsame sjukdommar i ein populasjon – sjølv om ikkje alle individa er vaksinerte. Flokkimmunitet er viktig for å beskytte sårbare individ i ein populasjon mot å bli sjuke.
Reproduksjonstalet (R-talet)
Reproduksjonstalet (R-talet) er eit mål på kor raskt ein sjukdom spreier seg i ein populasjon. R-talet beskriv kor mange andre individ eitt individ i ein populasjon i gjennomsnitt klarer å smitte.
Antibiotika | Vaksine | Antiviralia | |
---|---|---|---|
Nivå | Individ | Individ og populasjon | Individ |
Bruksområde | Behandling | Førebygging | Behandling |
Sjukdomstype | Mikrobielle sjukdommar | Virale og mikrobielle sjukdommar | Virale sjukdommar |
Smittestoff | Bakteriar, sopp og parasittar (prokaryote celler) | Virus, bakteriar, sopp og parasittar | Virus |
Verkemåte | Skader eller drep prokaryote celler utan å påverke eukaryote celler | Forsterkar kroppen sitt eige immunforsvar (det spesifikke immunforsvaret) | Hindrar virus i å komme inn i eller formeire seg i ein vertsorganisme |
Vertsorganismar | Eukaryote organismar | Virveldyr | I utgangspunktet alle levande organismar |
Utbreiing | Svært mykje brukt, fleire stader overforbruk | Spesielt mykje brukt i land med høg levestandard og god økonomi | Mindre utbreidd enn vaksinar og antibiotika |
Utfordringar | Resistensutvikling | Dyrt og tidkrevjande å utvikle, vaksinemotstand i befolkninga | Finne giftstoff som verkar mot virus og ikkje påverkar vertsorganismen |