Teknologiforståing (IM-IKM vg1)
Felles programfag saman med:Produksjon og historieforteljing (IM-IKM vg1)ogKonseptutvikling og programmering (IM-IKM vg1)
Digital teknologi
Vi omgir oss med små og store datamaskinar og system det meste av tida. Vi er avhengige av mange av desse for at kvardagen og samfunnet rundt oss skal fungere. Men korleis fungerer denne teknologien?
Datamaskinen sine komponentar
Datamaskinar kjem i mange variantar og utformingar. For vanlege brukarar er det mest vanleg med berbar datamaskin. Uavhengig av utforming har maskinane dei same hovudkomponentane. Kjennskap til dei gjer det lettare å forstå teknologien og gi grunnlag for å feilsøke og reparere.