Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

I denne guiden (læringsstien) går vi gjennom stega som trengst for å setje opp Wordpress på ei virtuell maskin som køyrer operativsystemet Ubuntu Server, virtualisert med Hyper-V frå Windows Server 2019.

For å gjennomføre guiden treng du ei datamaskin med Windows Server 2019 installert, internettilgang og helst ein alternativ nettlesar (som Chrome eller Firefox) installert.

Om din Windows Server er del av eit testnettverk med tilknytt klientmaskin (eller tilkopla elevmaskin), kan stega frå «Fjernstyre Linux-maskin med SSH» gjerast frå klient- eller elevmaskina.