Hopp til innhald

Fagstoff

Internett og World Wide Web

Internett er eit globalt nettverk som er laga ved å kople saman fleire hundre tusen mindre nettverk. Systemet har røter tilbake til 1960-talet og blir i dag brukt til det meste av digital kommunikasjon verda over. World Wide Web er ei teneste på internett som gjer det mogleg å surfe på nettsider.

Mange bruker omgrepa web og internett om kvarandre, men det er i verkelegheita stor forskjell på dei. Internett er sjølve nettverket som vi bruker til å kommunisere. Her blir TCP/IP-protokollen og IP-adresser brukte for å sende datapakker mellom mange mindre, samankopla nettverk. Internett har røter tilbake til 1960-talet.

Web (World Wide Web) er ei av mange tenester som bruker internett til kommunikasjon. Andre slike tenester er mellom anna e-post, Snapchat, TikTok, Skype og videospel for fleire spelarar (multi-player games). Web-tenesta blei oppfunnen rundt 1990 av Sir Tim Berners-Lee og gjer det mogleg å surfe mellom nettsider på same og ulike serverar ved hjelp av lenkjer (hyperlenkjer). Det fanst mange tenester som brukte internett før web blei oppfunnen, men web gjorde det enkelt å surfe og var ein viktig grunn til at internett blei populært og vanleg i private heimar.

Internett

I artikkelen om linjesvitsjing og pakkesvitsjing forklarte vi kva pakkesvitsjing er. Denne teknologien var viktig for utviklinga av internett og er framleis ein sentral del av måten internett fungerer på. Informasjon blir pakka i datapakker med avsendar- og mottakaradresse og blir så send ut på internett.

Internett er eit globalt nettverk som er sett saman av mange mindre nettverk. Telefonen eller PC-en din er tilknytt nettverket til ein internettleverandør. Denne leverandøren har avtalar med andre leverandørar og er kopla til desse, og så vidare. Avtalen mellom dei ulike leverandørane går ut på å hjelpe kvarandre med å få datapakkene fram til riktig mottakar. Dette gjer at ei datapakke ofte vil bli send via mange ulike aktørar før ho kjem fram til destinasjonen.

I denne videoen får du meir detaljert informasjon om korleis internett fungerer.

Sjøkablar koplar internett saman

Kart over Europa og delar av India, Afrika og Amerika. Strekar mellom landa viser kor det ligg sjøkablar. Illustrasjon.

Internett er i dag globalt med fleire milliardar tilkopla einingar. For at det skal vere mogleg å kommunisere over heile kloden, er det lagt hundrevis av fiberkablar i havet mellom land og kontinent. Desse kablane sørgjer for at heile internett heng saman.

nettsida submarinecablemap.com finn du eit kart over dei fleste aktive sjøkablane i verda. Der kan du sjå nærare på kor mange samankoplingar som skjer via havet.

Viss du vil vite meir, tilrår vi denne videoen med informasjon om og omvising i infrastrukturen som sjøkablar krev.

World Wide Web

World Wide Web, eller berre web, er ei teneste som gjer det mogleg å vise og surfe mellom nettsider. Tenesta bruker internett for å kommunisere.

Web blei utvikla av Sir Tim Berners-Lee, som jobba ved forskingsinstituttet CERN. CERN hadde mykje forsking som låg på ulike serverar. For å få tak i denne informasjonen måtte brukarane kople seg til dei ulike serverane. Dette gjorde det tidkrevjande og ofte forvirrande å finne riktig informasjon. Løysinga var World Wide Web, ei teneste som gjorde det mogleg å surfe mellom ulike nettsider på same eller ulike serverar ved hjelp av hyperlenkjer. Tenesta blei raskt populær og er ein viktig grunn til at internett-tilkopling blei vanleg for både bedrifter og privatpersonar.


Når du besøkjer ei nettside, består prosessen av fleire trinn. Først spør du etter nettsida. Datapakka går til webserveren til nettsida, og du får eit HTML-dokument i retur. Det beskriv kva som skal visast på nettsida, og kvar andre element, til dømes bilete og innebygt (embedded) innhald, skal hentast frå. Nettlesaren din går så ut på nettet og hentar ned alle elementa. Når desse blir returnerte, blir dei plasserte i den rekkjefølgja som HTML-dokumentet beskreiv. I animasjonen under kan du sjå eit døme på dette.

I denne YouTube-vidoen om World Wide Web kan du lære meir om denne tenesta og korleis ho og protokollane rundt ho fungerer.

Relatert innhald

Linjesvitsjing og pakkesvitsjing er to hovudmåtar å setje opp eit kommunikasjonsnettverk på. I dag bruker vi nesten utelukkande pakkesvitsjing.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Digital kommunikasjon