Hopp til innhald

Fagstoff

Historia til internett

Internett er eit nettverk som knyter millionar av ulike små og store nettverk saman. Dette er ei oppfinning som har endra samfunnet i så stor grad dei siste 50 åra at nokre kallar det ein digital revolusjon
Rekkjer med tala 0 og 1 og teksten «Internetts historie». Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit nettverk av nettverk

Fire datamaskinar knytte saman i eit nettverk. Det var starten på internett. Året var 1969, nettet var amerikansk, og det blei kalla ARPANET.

Fire år seinare blei Noreg knytt til som det aller første landet utanfor USA. Nettet hadde då vakse til 40 nodar som kvar kunne ta seg av tre–fire datamaskinar. I dag er det ingen som veit sikkert kor mange maskinar det er sett saman av. Sannsynlegvis var det meir enn ein milliard domene på nettet i 2012.

Internett er eit nettverk som knyter millionar av ulike små og store nettverk saman. Teknologien som gjorde dette mogleg, var først og fremst noko så keisamt som ein «protokoll» med det nerdete namnet TCP/IP. Denne protokollen blei brukt første gongen i 1973, og det er den som bestemmer korleis maskinen din skal dele opp for eksempel ei biletfil i passelege «pakker» og gi kvar av dei ei adresse som gjer at dei finn fram gjennom ei rekkje ulike nett og maskinar heilt fram til smarttelefonen til bestemor. Der sørgjer han så for at alle pakkene kjem fram og blir sette saman igjen til det biletet du sende.

Det geniale er at han gjer dette heilt utan nokon sentral kontroll som bestemmer kva veg kvar einskild datapakke skal ta. Om store delar av nettet blir skrudd av eller slått ut av ein feil, så vil berre pakkene finne andre vegar fram til mottakaren. Om ei pakke blir borte på vegen, blir ho berre send på nytt. Alt dette gjer internett til eit svært robust nettverk.

Men kva kan vi bruke det til?

Det var forskarar ved universitet og militære forskingsinstitutt som var dei første brukarane på internett. Til å byrje med skjønte ikkje så mange kva slags nytte dei kunne ha av det. Men då det i 1972 blei mogleg å sende elektronisk post mellom brukarane, voks interessa fort. Etter kvart kom også diskusjons- og nyheitsgrupper, IRC eller chatting, og eit system for informasjonsfangst som blei kalla «gopher», og som liknar på det vi kjenner frå nettet i dag.

I byrjinga var naturlegvis alt berre tekst. Om du har brukt tekst-tv, har du sett noko som liknar. Men avishus og kringkastingsselskap såg likevel moglegheiter og eksperimenterte med ulike løysingar over forskjellige typar nett. Folk flest hadde ikkje datamaskinar enno, så ulike terminalar blei brukte og kopla opp mot tv-skjermen eller eigne skjermar. Men teknologien var dyr, interessa var laber, og mange pengar gjekk tapt.

Etter kvart blei det mogleg for vanlege folk utanfor universitetsmiljøa å kople pc-en til internett ved hjelp av eit modem. Ein kunne kople seg til forskjellige BBS-ar (Bulletin Boards) eller ISP-ar (Internet Service Providers). Dei mest kjende i USA var Compuserve og AOL. I Noreg var Oslonett (seinare Schibstednett og Scandinavia Online eller SOL) den første internettleverandøren.

Tre dresskledde menn smiler framfor ein gammaldags pc. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdsveven

«Sett at all informasjonen som er lagra på datamaskinar overalt, var lenkja. Sett at eg kunne programmere datamaskinen min til å skape eit rom der kva som helst kunne bli lenkja til kva som helst.»

Tim Berners-Lee, ein mann i stripete skjorte, sit framfor eit tastatur og to store pc-skjermar. Foto.

Han som tenkte dette, var Tim Berners-Lee. Han var tilsett i forskingsorganisasjonen CERN (ja, den du kjenner frå oppdaginga av Higgs-partikkelen i 2012) og arbeidde med korleis forskarane kunne utveksle og oppdatere informasjon på ein meir effektiv måte. Då han 6. august 1991 publiserte den aller første nettstaden i det han kalla the World Wide Web, var det ei storhending som har blitt viktigare for dagleglivet til folk flest enn alt det arbeidet CERN eigentleg skulle drive med.

Igjen var det noko så keisamt som ein protokoll som skapte revolusjonen. Tim Berners-Lee utvikla HTTP, som gjorde det mogleg å leggje inn lenkjer til andre filer i ein tekst. Ein annan viktig del var URL-en, som gav kvar einskild fil ei unik adresse slik at desse lenkjene kunne finne dei same kvar dei måtte vere på nettet. Ved hjelp av HTML-taggar i dokumentet og eit eige program kunne både tekst og bilete setjast saman på skjermen.

Berners-Lee delte ideane fritt. Det same gjorde Marc Andreessen ved Universitetet i Illinois, som snart hadde utvikla Mosaic, ein nettlesar som kunne køyre på både Windows, Mac og Unix. Han hadde navigasjonsknappar, viste grafikk integrert i teksten og hadde tenarprogramvare som gjorde det mogleg ikkje berre å lese, men også å publisere nettsider.

Du ville nok ha opplevd Mosaic som temmeleg primitiv. Likevel skjønte alle at den nye moglegheita til å kombinere tekst og visuell kommunikasjon var ein revolusjon. Det året Mosaic blei lansert, auka trafikken på verdsveven med 341 000 prosent.

Andreessen starta selskapet Netscape og laga ein forbetra nettlesar. Microsoft kasta seg på konkurransen med sin Internet Explorer. Nettet blei fylt opp med innhald som var interessant for folk flest. Etter berre fire år hadde verdsveven nådd 50 millionar brukarar. For fjernsynet hadde det teke 13 år å nå like mange, og for radioen 38 år.

«Content is king»

Ikkje berre var dei olympiske vinterleikane på Lillehammer i 1994 «the best winter games ever» (ifølgje IOK-president Samaranch). Dei var også det første OL-et i historia som hadde direkte resultatformidling på internett.

Det var internettleverandøren Oslonett som stod bak, og stuntet gjorde at vanlege folk blei interesserte i det nye mediet. Avisene skjønte at dette var noko dei også kunne ha nytte av.

Eit nettbrett viser framsida til ei nettavis. Nettbrettet ligg oppå mange papiraviser. Foto.

Dei første norske dagsavisene på nett var lokalavisa Brønnøysunds Avis 6. mars 1995, og Dagbladet to dagar etter. Det var mindre enn eitt år etter at San Jose Mercury News hadde publisert den første nettavisa i USA. I løpet av 1996 hadde dei aller fleste avisene eigne nettsider.

I byrjinga inneheldt dei berre dei same sakene som papiravisa. Men etter kvart kom det innovasjonar som moglegheit for kommentarar og lyd- og videoklipp. Ideen var at det nye mediet skulle hjelpe dei tradisjonelle media til å levere nyheitene raskare, betre og til ei større målgruppe.

«Content is king», hevda blant andre Bill Gates på denne tida. Det var innhaldet brukarane ville vere villige til å betale for. Nettet var derfor noko dei store, tradisjonelle medieorganisasjonane kunne tene pengar på.

Det var i alle fall det ein trudde.

Internettleverandøren AOL var i 2000 verdsett så høgt at dei kunne kjøpe mediegiganten Time Warner CNN i det som var forretningshistorias største oppkjøp. Det gjekk åt skogen. Det viste seg at nettbrukarane ikkje var interesserte i å bruke internett slik dei brukte tv, eller betale så mykje som blei kravd. Teknologiaksjane var overprisa, og 13. mars 2000 sprakk det som er blitt heitande dotcom-bobla. Ti år seinare hadde Time Warner og AOL ein samla verdi som berre var ein sjudel av det han var før bobla sprakk.

Kor stort er nettet?

Dei siste 25 åra har vi opplevd ein ekstrem vekst i mengda informasjon som er tilgjengeleg på nettet. I januar 1996 fanst det 14 351 855 oppførte internettadresser. I januar 2019 var talet på tilbydarar av innhald auka til 1 012 695 272.[1] For å finne det vi leitar etter, er vi avhengige av søkjemotorar.

Det fanst søkjemotorar før Google dukka opp i 1998. Men Larry Page og Sergey Brin laga ein algoritme som gjorde det mykje meir sannsynleg at dei resultata du fekk, var dei som var mest interessante for deg. Andre søkjemotorar på den tida dynga på med innhald for å halde folk på sida slik at dei blei utsette for mest mogleg reklame.

Ein gut med høyretelefonar sit framfor ein enorm pc-skjerm. På skjermen ser vi framsida til søkjemotoren Google. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Google er i dag eit av dei mest verdifulle selskapa i verda. Dei eig YouTube (som er den nest mest besøkte nettstaden). Dei har utvikla ei rekkje tenester som e-posttenesta Gmail, skylagringa Google Drive, karttenesta Google Maps, Google Books, eit prosjekt som har som mål å digitalisere alle bøkene i verda, og det sosiale nettverket Google+. Dei har utvikla nettlesaren Google Chrome og operativsystema Google Chrome OS (for pc-ar) og Android (for mobile einingar).

Inntektene får dei i hovudsak frå reklametenesta Google AdSense. Når du gjer eit søk, får du også opp annonsar som har med søkjeordet å gjere. Google tek betalt for å setje annonsøren i kontakt med menneske som allereie har vist interesse for det aktuelle produktet eller tenesta ved å søkje etter det.

«Don’t be evil» har vore Googles uoffisielle motto. Som alle dominerande aktørar har dei likevel møtt kritikk. Mange i mediebransjen meiner at Google haustar annonseinntekter for innhald som andre har produsert. Google er i det heile teke kjende for ein noko fri omgang med opphavsretten, anten dei digitaliserer bøker eller utviklar program. Mange er også skeptiske til korleis dei bruker (eller misbruker) dei enorme mengdene med data dei etter kvart har samla inn om deg og alle dei andre som nyttar tenestene deira.

Kultur for å dele

I mars 2012 kunne nyheitene fortelje at det 32 bind store leksikonet Encyclopaedia Britannica var kome ut for siste gong. Dermed var det slutt på det eldste engelskpråklege leksikonet, som kom ut første gongen i 1768. I Norge blei papirutgåva av Store norske leksikon lagd ned i 2010.

Rett nok finst begge framleis i nettversjon. Men i 2001 fekk dei konkurranse av Wikipedia, eit digitalt oppslagsverk som blir laga på dugnad, og som alle som ønskjer det, kan bidra til.

Wikipedia er eit fenomen som vitskapen faktisk slit med å finne ei god forklaring på. Kva er det som får så mange menneske til å bruke tid og krefter på å skrive artiklar dei ikkje får ei krone betalt for? Det blir kalla delingskultur og har vore svært viktig for at nettet har utvikla seg slik vi kjenner det i dag.

Internett oppstod og utvikla seg i hackarkulturen i 1970- og 1980-åra. Dei var kjende for idealisme og opposisjon mot autoritetar. «Information wants to be free», var mottoet. Det fanst store selskap og offentlege organ som prøvde å styre utviklinga, utan å lykkast. «Dei blei knuste av eit nettverk bygd av offentlege forskarar og dataingeniørar som ikkje hadde nokon administrerande direktør, ingen overordna forretningsplan, ingen betalande abonnentar, ingen investeringar i innhald og ikkje noka økonomisk interesse i å samle abonnentar», seier Jonathan Zittrain, ein amerikansk professor i internettjuss.

Delingskulturen til hackarane kom også til uttrykk i rørsla som kjempa for fri programvare. Operativsystemet UNIX, webserveren Apache, nettlesaren Firefox og kontorprogramvara Open Office er alle resultat av denne.

Då raskare nett og betre komprimeringsteknologi gjorde det mogleg å leggje ut musikk- og videofiler på nettet, støytte denne delingskulturen saman med opphavsrettsjussen til dei eldre media. Både musikk- og filmbransjen har brukt rettssaker og skyhøge erstatningsbeløp for å få slutt på delinga. Ei einsleg mor med fire born blei i 2009 dømd til å betale 1,9 millionar dollar for å ha delt 24 songar. Den første musikkdelingsnettstaden, Napster, blei tvinga til å stengje i 2002.

Nye delingstenester dukka opp – og blei stengde i tur og orden. Eit eksempel er svenske Pirate Bay. Serverane blei konfiskerte, og eigarane blei dømde til eitt års fengsel i 2010.

Mange meiner at dei gamle lovene om opphavsrett ikkje passar for dei digitale media. Alle rettssakene mellom store aktørar som Apple og Samsung viser at også systemet for patentvern treng å bli tilpassa ei ny tid.

Alle kan delta

Raud plakat med eit teikna portrett av ein mann og tittelen Kony 2012. Illustrasjon.

Filmen «Kony 2012» blei lagd ut på YouTube 5. mars 2012. Seks dagar seinare hadde 100 millionar menneske sett han. 58 prosent av amerikansk ungdom mellom 18 og 29 år kjende til han etter berre ei veke. Halvparten av desse hadde høyrt om han i sosiale medium.

Sosiale medium har gjort alle til aktørar. Det byrja med e-post, diskusjonsgrupper og chatting tilbake i 1970- og 80-åra. Etter kvart kom bloggane. Det vi kallar sosiale nettverk, debuterte med Friendster og Myspace, før Facebook blei lansert i 2004 og raskt voks til den dominerande møteplassen på nettet. Sidan har nye sosiale medium kome til.

Bruk av sosiale medium i Noreg i oktober 2020 (kjelde: Ipsos[2])

  • 3,6 millionar nordmenn over 18 år har profil på Facebook.
  • 2,8 millionar nordmenn har ein profil på Snapchat.
  • 2,6 millionar nordmenn har ein profil på Instagram.
  • 1,2 millionar nordmenn har ein profil på Twitter.
  • 1,8 millionar nordmenn har ein profil på YouTube.
  • 3,1 millionar nordmenn bruker YouTube månadleg eller oftare.

Terskelen for å delta i dei sosiale media er låg. Ein del nettaviser lar deg kommentere artiklar og dele dei ved «likes» på Facebook eller «tweets» på Twitter. På Spotify kan du la vennene dine følgje med på kva for musikk du speler, og på Delicious eller Digg kva nettsider du besøkjer. På YouTube, Vimeo og Flickr kan sjølv bestemor dele videoane og bileta sine berre ved eit klikk på smarttelefonen.

Sosiale medium har gjort det mogleg å spreie bodskapar raskt og vidt, og utanfor kontroll frå styresmaktene. Gjennom sosiale medium kan opposisjonsgrupper spreie informasjon om demonstrasjonar, dokumentasjon av overgrep eller bevis på valfusk. Eksempel er protestar mot presidentval i Kviterussland og USA, og kampanjar som Metoo og Black Lives Matter. Andre hevdar at dei rett nok gjer det lettare for aktivistar å uttrykkje seg, men vanskelegare for det dei uttrykkjer, å gjere inntrykk på folk.

Kina har stengt ute dei vestlege sosiale netta. Der dominerer deira eigne tenester QZone og Sina Weibo.

Når vi bruker internett, legg vi att digitale spor. Mange er engstelege for kva som skjer med all informasjonen dei sosiale nettstadene etter kvart skaffar seg om brukarane. I 2018 blei det derfor innført ei ny lov som gjennomfører EUs personvernforordning (GDPR) i Noreg. Her blir det sett krav til gyldig samtykke frå dei som gir frå seg personopplysningar på nett.

Digitalt landsbyliv

28. november 2010 byrja fem aviser i fem land å trykkje ein serie med konfidensielle telegram frå den amerikanske utanrikstenesta, som dei hadde fått av varslarnettstaden WikiLeaks. I Midtausten blei folk rasande då dei fekk dokumentert kor korrupte styresmaktene var. Presidenten i Tunisia var den første som måtte gå av, før opprøret spreidde seg til Egypt, Libya og andre arabiske land. Mange meiner òg at lekkasje av e-postane til Hillary Clintons førte til at Donald Trump vann presidentvalet i USA i 2016.

Sjå NRK Supernytt om WikiLeaks

Dei elektroniske media (radio og tv) har gjort verda til ein «global landsby», sa medieforskaren Marshall McLuhan i 1962. Men i dei elektroniske media var det portvaktene i medieorganisasjonane som bestemde kva som skulle delast. Dei digitale media sette folk i direkte kontakt med kvarandre.

Det er først no vi verkeleg kan snakke om verda som ein global landsby. Vanlege menneske møtest over avstandar og kulturkløfter som før heldt dei frå kvarandre. Det fører til ei blomstringstid for nye idear og spennande kulturuttrykk. Men også til at grupper kjenner seg krenkte.

Når menneske med framand kulturbakgrunn slår seg ned i eit lite lokalsamfunn, tek det tid å bli kjende med kvarandre. Slik er det i den globale medielandsbyen også. Protestar og opprør som følgje av ytringar på nettet viser at vi enno har eit stykke å gå.

Det tok mange generasjonar frå trykkjerevolusjonen starta, til trykkjefridom var etablert som eit urokkeleg prinsipp. I dag handlar kampen om kva prinsipp som opphavsrett, uttrykksfridom og nettnøytralitet skal innebere i dei digitale media. Enno veit vi ikkje kva utfallet vil bli av denne revolusjonen.

CC BY-SASkrive av Øyvind Høie.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2018

Læringsressursar

Digital kommunikasjon